De er rå på å røyste!

De er rå på å røyste!

Onsdag morgon, 6. september, er det 1500 som har førehandsrøysta i Ulstein. For ein flott gjeng! Er du glad i statistikk rår vi deg til å lese denne artikkelen.

Fire røystebåsar som er lukka igjen med gardin fordi det er folk i dei. - Klikk for stort bileteFulle røystebåsar på Ulstein bibliotek. Janne-Marit Myklebust

Oppdatert 09.09.2023: Totalt var det 2029 innbyggarar i Ulstein som førehandsrøysta. I tillegg sende vi 112 røyster vidare til andre kommunar.

Finn opningstider, vallister og anna på samlesida vår her 

 

Så mange har røysta – og her har dei røysta

Tabellen viser ei oversikt over kvar vi har vore og tatt i mot førehandsrøyster. Totalt er det om lag 6 500 som har røysterett i Ulstein.

Førehandsrøyster per 6. september
Røystestad Tal på røyster
Ulstein bibliotek 1151
Alvehaugen 34
Holsekerdalen 22
Ulshaugen/Bygdastova 19
Sunnmøre folkehøgskule* 6
Ulstein vidaregåande skule 26
Blåhuset 62
Amfi 41
Omsorgsbustadene i Sjøsida 10
Tilsendt frå andre kommunar 45
Talet på førehandsrøyster i Ulstein 1416
Til andre kommunar 85
Sum 1501

*Merk at det er få på Sunnmøre folkehøgskule, sjølv om dei var over 50 som røysta. Grunnen til det er at det i hovudsak var røyster som vi må sende vidare til andre kommunar, og dei er difor registrert under "Til andre kommunar", nest nedst i tabellen.

Til andre kommunar​

Kva har kommunane Råde, Strand, Time, Vestby, Kvinnherad, Nordre Follo, Gol, Høyanger, Ål, Tromsø, Øvre Eiker, Bodø, Bjørnafjorden og 25 andre kommunar til felles? Dei har alle innbyggarar som har røysta i Ulstein for heimkommunane og heimfylka sine.

Du kan røyste i alle kommunar i heile landet til og med fredag 8. september, så ta gjerne turen innom biblioteket denne veka! Valdagen 11. september må du stemme i kommunen du er folkeregistrert.

Vi likar godt å sende røyster vidare til andre kommunar. Her ser du alle som har fått post frå Ulstein:

Førehandsrøyster til andre kommunar
Kommune Poststad Tal på røyster
Valstyret i Arendal kommune Grimstad 2
Valstyret i Asker kommune Røyken 3
Valstyret i Bergen kommune Bergen 6
Valstyret i Birkenes kommune Birkeland 1
Valstyret i Bjørnafjorden kommune OS 1
Valstyret i Bodø kommune Bodø 1
Valstyret i Fjord kommune Valldal 1
Valstyret i Fredrikstad kommune Fredrikstad 2
Valstyret i Gol kommune Gol 1
Valstyret i Halden kommune Halden 1
Valstyret i Haram kommune Ålesund 1
Valstyret i Hareid kommune Hareid 3
Valstyret i Herøy kommune Fosnavåg 12
Valstyret i Høyanger kommune Høyanger 2
Valstyret i Kristiansand kommune Kristiansand 2
Valstyret i Kvinnherad kommune Rosendal 1
Valstyret i Lillesand kommune Lillesand 1
Valstyret i Lørenskog kommune Lørenskog 1
Valstyret i Molde kommune Molde  2
Valstyret i Nordre Follo kommune Ski 1
Valstyret i Oslo kommune Oslo 8
Valstyret i Ringerike kommune Hønefoss 1
Valstyret i Råde kommune Råde 2
Valstyret i Sande kommune Larsnes 1
Valstyret i Sandefjord kommune Sandefjord 1
Valstyret i Sogndal kommune Sogndal 1
Valstyret i Stavanger kommune Stavanger 2
Valstyret i Stord kommune Stord 1
Valstyret i Strand kommune Jørpeland 3
Valstyret i Time kommune Bryne 1
Valstyret i Tromsø kommune Tromsø 3
Valstyret i Trondheim kommune Trondheim 2
Valstyret i Vestby kommune Vestby 1
Valstyret i Volda kommune Volda 2
Valstyret i Ørland kommune Bjugn 1
Valstyret i Ørsta kommune Ørsta 4
Valstyret i Øvre Eiker kommune Hokksund 1
Valstyret i Ål kommune Ål 1
Valstyret i Ålesund kommune Ålesund 5

 

Dag for dag

Dag for dag
Dato Tal på røyster
5. september 243
4. september 190
2. september 118
1. september 152
31. august 65
30. august 67
29. august 56
28. august 75
25. august 61
24. august 31
23. august 50
22. august 45
21. august 53
18. august 50
17. august 40
16. august 36
15. august 24
14. august 36
11. august 39
10. august 58

Takk for at du nyttar deg av røysteretten din! Vi håper på mange fleire førehandsrøyster dei tre siste dagane, og også god oppslutning på valdagen 11. september.

Godt val! 

To nøgde valansvarlege i Ulstein, Harald Øvereng og Janne-Marit Myklebust, på vakt på Sunnmøre folkehøgskule.