Bustadfeltet på Skeide tek form

Bustadfeltet på Skeide tek form

Ulstein Entreprenør AS er no i full gang med å bygge ut Skeide bustadfelt.

Ulstein entreprenør AS  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Arbeidet er godt i gong, og allereie i dag vert det lagt førstelag asfalt på tilkomstvegen opp forbi Myra både på veg og fortau.

Bustadfeltet skal vere ferdig til sommaren 2021, og da vert det tilgjengeleg om lag 50 bustadtomter pluss ein del areal for tettare utnytting ( firemannsbustader, rekkehus osv.) 

Tomtene vert lyst ut for sal på føresommaren 2021, så følg med på kommunen sine nettsider. Det vil også bli annonsert i Vikebladet/Vestposten.

Gjeldande reguleringsplan som viser kvar det er regulert til bustad, vegløysingane det no vert bygd ut etter m.m. finn du på Sunnmørskart.no