Bru til arbeid-prosjektet ber frukter
Denne gjengen har gjennomført avdeling for inkludering og mangfald sitt første kvalifiseringsløp i prosjektet Bru til arbeid.
Deltakarane har gjennomført eit bransjeretta kvalifiseringsløp som har vart i seks månader. Her har dei kombinert norskopplæring, fagopplæring retta mot barne- og ungdomsarbeidarfaget og praksis i barnehage eller skule.
Målsettinga har vore å gjere deltakarane budde på å arbeide som assistentar i barnehage eller skule.
Fleire av deltakarane har i løpet av kvalifiseringsløpet fått jobb, både som tilkallingsvikarar og i større stillingar.
Karen Strand
Deltakarane saman med nokre av leiarane frå IMU, barnehagar og skular i Ulstein.
Karen Strand
Publisert 21.06.2024 10:42
Sist endra 21.06.2024 10:43