Kari Marie Øvrebøe
Tid og stad
Torsdag 11. desember kl. 11.30-13.00 er det duka for SeniorTimen på biblioteket.
Kom gjerne 15 minutt før kursstart for ein god prat og litt kaffi.
SeniorTimen
SeniorTimen er ein del av SeniorSmart-tilbodet vårt. SeniorTimen gir deg nyttig informasjon for ein god kvardag, med viktige tema som aktivitet og fellesskap, velferdsteknologi, omsorgsbustadar, helse, kosthald og andre aktuelle tema. Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til moglegheitene som finst for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein.
SeniorTimen er ein møteplass for gode samtalar, ny kunnskap og sosialt fellesskap.
Tema
Temaet denne gongen er "Skollebakken 1” - dei nye omsorgsbustadane som snart er klare til bruk.
Vi får besøk av Kristin Vik som er kommunalsjef helse og omsorg. Ho vil informere om tilbodet.
Vi håper mange tek turen slik at du kan nyte ei triveleg stund saman med andre. Vi har kaffien klar!
Velkomen til SeniorTimen – der livsglede står i sentrum!