To representantar frå fellesrådet stilte villig opp som prøvekaniner då Kari Marie Øvrebøe hadde ein gjennomgang av kurset.
Eli Marte Dalhaug
Tid og stad
Vi held fram med SeniorSmart-tilbodet vårt, og torsdag 6. november kl. 11.30-13.00 vert det SeniorSurf på biblioteket.
Tema
Temaet denne gongen er "Bli trygg på nett”. I denne delen av SeniorSurf-kurset skal vi styrke hjernemuskelen og lære korleis vi kan vere trygge på internett. Vi lever i ei digital verd der stadig meir skjer på nett – frå bank og offentlege tenester til sosiale medier og e-post. Difor er det viktig å vite korleis vi kan beskytte oss mot nettsvindel og digitale truslar.
Du vil lære om
Digital tryggleik – kva det betyr å vere trygg på nett, og korleis du kan sikre dine eigne opplysningar.
Nettsvindel – korleis svindlarar prøver å lure deg, og kva du bør vere merksam på.
Unngå å bli lurt – enkle grep du kan ta for å vere føre var, som å kjenne igjen falske e-postar og nettsider.
Kva gjer du dersom du blir lurt? – steg for steg kva du bør gjere, og kvar du kan få hjelp.
Undervisinga er praktisk og tilpassa alle nivå – du treng ikkje ha erfaring for å vere med! Vi skal bruke ekte eksempel og kjekke oppgåver som gjer det lett å forstå og hugse.
Hugs: Du er aldri for gammal til å lære noko nytt! Å vere trygg på nett handlar ikkje om alder, men om kunnskap – og den skal vi bygge saman.
Kom gjerne 15 minutt før kursstart for ein god prat og litt kaffi.