Arbeidspraksis hjelpte Guro ut i arbeid

Arbeidspraksis hjelpte Guro ut i arbeid

Guro Sylte Larsen på avskjedsmarkering på rådhuset. Janne-Marit Myklebust  Guro Sylte Larsen har hatt praksis i Ulstein kommune sidan juni i fjor. Ho takkar god oppfølging frå Furene AS og ei lærerik praksistid for at ho no har fått seg ny jobb.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Eg kan ikkje få sagt det nok: Eg har vorte ein sterkare person med Furene AS si hjelp. Eg har fått ein liten dytt i rett retning, og har fått større sjølvkjensle. Eg veit at eg kan! Praksisen i Ulstein har hjelpt meg vidare på vegen.

Guro Sylte Larsen frå Fosnavåg vart nyleg takka av i Ulstein kommune, der ho byrja i praksis 22. juni 2020. På servicetorget har ho hatt ansvar for m.a. arkivering, sentralbord og kundemottak. 

- Alle har vore utruleg imøtekomande med meg. Har eg vore usikker har eg fått god støtte og oppmuntring. Å få ros gir motivasjon, seier Guro.

Fekk praksisplass

Ho fortel at det har vore tungt å stå utanfor arbeidslivet, og at draumen om å få seg ein jobb har vore sterk.

- Då eg byrja i Furene gav dei meg det eg trengde for å tore å ta steget ut for å spørre etter praksisplassar. Eg spurte både i butikkar og i ulike bedrifter, og i kommunane i Sjustjerna. Koronapandemien gjorde det ekstra vanskeleg, så det var ein gledas dag då det tikka inn eit positivt svar frå Ulstein kommune.

Viktig samarbeid

Eli Marte Dalhaug, leiar for servicetorg og dokumentsenter i Ulstein kommune, fortel at Guro har teke henne med storm.

- Heilt frå første møte har ho vore interessert, ivrig og lærevillig. Samarbeidet med Furene er viktig også for oss. Å kunne tilby praksisplass er berre ei glede når vi kan vere med på å bidra til at folk kjem seg ut i arbeidslivet. Og når vi får inn slike som Guro er det rein bonus, ho har vore reine muntrasjonsrådet for oss alle, og har ivra etter nye arbeidsoppgåver.

Og ryktet går når gode arbeidstakarar er ute etter jobb. No har Guro vorte bøndene si kvinne i Agrilogg i Ørsta, firmaet som er bonden sitt verktøy for registrering og rapportering i landbruket. To dagar i veka pendlar ho frå Fosnavåg til Ørsta. Førebels er ho full av lovord.

- Eg var redd for at det å berre ha praksisjobbar å vise til, og ikkje fast arbeid, ville vere noko negativt, men det var heller tvert imot. Dei roste meg for å vise arbeidsvilje og initiativ. Dei let meg ta ting i mitt tempo slik at eg er heilt trygg før eg hoppar på nye arbeidsoppgåver. Ingen dagar har vore like, og eg stortrivst allereie!

Eli Marte er glad for at praksisplassen har bidrege til at Guro har fått seg jobb.

- Dette er lærerikt også for oss i kommunen. Med praktikant inne vert vi sjølve også skjerpa. Vi ser fram til vidare samarbeid med Furene.