-  Andre kommunar heng etter, det er det ikkje tvil om

-  Andre kommunar heng etter, det er det ikkje tvil om

Holsekerdalen: Kommunalsjef teknisk Arne Runar Vik og kommunalsjef helse og omsorg Marit Botnen vert invervjua av seniorrådgjevar i Husbanken, Birger Jensen (t.h.). Kristian Løken er hyra inn som fotograf. Janne-Marit Myklebust Reklamerer for 300-metersbyen: - Ulstein kommune er eit godt eksempel på at langsiktig arbeid har ført til ein meir berekraftig eldreomsorg. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det seier seniorrådgjevar i Husbanken, Birger Jensen, som nyleg var i Ulstein for å lage ein film om kommunen sitt arbeid.

- Omsorgstilbodet i Ulstein er transformert over frå sjukeheim og over i omsorgsbustader og privat bustadmasse. Det har vore ei klar og tydeleg retning på dette arbeidet sidan 1980-talet. Ulstein kommune er no i ferd med å ta ut gevinsten av dette, og er godt rigga til den komande auken i talet på eldre, seier  Jensen.

Arne Runar Vik og Marit Botnen frå Ulstein kommune, Birger Jensen frå Husbanken og fotograf Kristian Løken utanfor Holsekerdalen. Janne-Marit Myklebust

Saman med fotograf Kristian Løken har han besøkt Ulstein kommune og vore innom bustadene og leilegheitene både på Sjøsida og i Holsekerdalen. Jensen fortel at filmen skal verte nytta i samband med at det vil kome krav til kommunane om ein heilskapleg plan for eldreomsorga for å få investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar. Eit tilskot Husbanken deler ut.

-  Andre kommunar heng etter, det er det ikkje tvil om, seier Jensen.

- Satsinga på heimebasert omsorg, samstundes med satsinga på utviklinga av Ulsteinvik sentrum ber frukter. Eldre har eit alternativ å flytte til i sentrum når dei ikkje lenger vil eller kan bu i einebustadene sine. Det er kort veg mellom tenestetilboda og dei eldre klarer seg lengre i eigen heim. Strategien har gjort at talet på sjukeheimsplassar ikkje har auka på 40 år, til trass for ein auke i folketalet.

Kommunen har i dag 42 sjukeheimsplassar.

 "Skal eg ut herifrå så må de bere meg!"

Kommunalsjef helse og omsorg Marit Botnen, haustar mykje ros.

- Ho er eit kjempegodt eksempel på ei som har tenkt annleis. Ho er sjeldan materiale. Ho har tenkt nybrottsarbeid over lang tid, og har vore open for å tenke alternativt i sitt tenestetilbod, har "pressa" seg inn på planfolket og har sett moglegheitene i arbeidet med å utvikle eit meir aldersvennleg samfunn, seier Birger Jensen. 

- Kva ser de i ettertid som det viktigaste rådet å gi andre som ønskjer å satse slik som Ulstein? spør Birger Jensen i videointervjuet med Marit Botnen.

- Det kan høyrest litt banalt ut, svarar ho.

- Men det viktigaste rådet eg kan gi det er å gå og banke knallhardt på døra til planarbeidarane i kommunen og seie "Skal eg ut herifrå så må de bere meg!" Det er kjempeviktig med tverrfagleg samarbeid og å vere med der ting vert avgjort. Det har ein verdi for alle. Eg har harselert litt med at det har vorte tenkt litt for mykje vatn og asfalt - og at eg vil ha andre verdiar inn. Det har vi verkeleg fått til i Ulstein. Du må ikkje alltid følgje vindane, men bygge deg opp kompetanse og tenke litt sjølv - og få med deg folk på laget. 

Intervjuet gjekk føre seg i Holsekerdalen. Janne-Marit Myklebust