No er avtalen på plass

No er avtalen på plass

Ulstein kommune og dei tre sanitetsforeiningane våre har signert avtale om omsorgsberedskapsgruppe.

I Ulstein er vi heldige som har heile tre aktive sanitetsforeiningar. No har Haddal Sanitetsforeining, Hasund og Sundgot Sanitetsforeining og Ulsteinvik Sanitetsforeining endeleg fått på plass ein formell avtale med Ulstein kommune om omsorgsberedskapsgruppe.

– Vi kan mellom anna tilby mat, husrom, omsorg for leitemannskap eller pårørande og folk i krise, fortel Perly Lise Pedersen frå Hasund og Sundgot Sanitetsforeining.

Johanne Garshol (Haddal), Solveig Kristensen (Ulsteinvik), fagansvarleg beredskap i Ulstein kommune Alf Marius Grønnevik, ordførar Stian Skorgen Scheide og Perly Lise Pedersen (Hasund og Sundgot) signerte avtalen i kommunestyresalen på Ulstein rådhus. Janne-Marit Myklebust

 

Foreiningane var også aktive under koronapandemien, og hadde fleire hundre timar med vakt under vaksineringa på helsestasjonen – då utan formell avtale med kommunen i botnen.

– Det er ei tryggheit for oss å ha denne avtalen. Det er noko vi har ønskt oss over tid, fortel dei.

Takksam

Ordførar Stian Skorgen Scheide er også takksam for å ha fått avtalen på plass. 

– Her følger det mellom anna med ein grunnpakke med identifikasjonsbevis for dei som er i gruppa. Skjer det noko vil vi ikkje at kven som helst skal kunne gå inn i situasjonen. Det handlar mellom anna om dette med teieplikt. I eit kriseleiingsperspektiv er det godt å vite kva ressursar vi har. Her har vi 40 frivillige som kan stille opp på ein time, dersom vi treng det. 

Avtalen gjeld frå signering og til eventuell oppseiing. Begge parter kan seie opp,eller krevje avtalen
reforhandla.