SeniorSmart-programmet vårt
Noreg er blitt eit stadig meir digitalt samfunn, og for mange kan det vere utfordrande å halde følgje med alt som skjer på nett. Samstundes er det mykje å hente på å vere trygg i digitale tenester – både når det gjeld bank, helse, kommunikasjon og offentlege løysingar.
Ulstein kommune ønskjer at alle seniorar skal ha ein trygg, aktiv og god kvardag, og inviterer difor på nytt til SeniorSmart slik at du kan lære nye måtar å leve betre på.
SeniorSmart har to spennande tilbod du kan delta på
- SeniorSurf – meistring i den digitale kvardagen
Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Dette er kurset for deg som vil bli trygg i bruken av PC, nettbrett og mobil - og tryggare i møte med dei digitale løysingane vi møter kvar dag. Vi tek ting i roleg tempo og tilpassar innhaldet etter gruppa sine behov.
Det blir både litt teori og praktiske øvingar, så ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Vi har litt utstyr til utlån ved behov.
- SeniorTimen – kunnskap som gjer kvardagen enklare
SeniorTimen tek for seg tema som er viktige for både helse, trivsel og tryggleik. Her får du nyttig og oppdatert informasjon for å planlegge ei god framtid.
Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein.
Vårprogrammet 2026
Vi har mykje spennande på programmet denne våren, og vi gler oss stort til ein ny og innhaldsrik vår saman med Ulstein sine seniorar.
Her er heile vårprogrammet med oversikt over tider, tema og stad
Tid og stad
SeniorTimen og SeniorSurf har samlingane sine på Ulstein bibliotek, torsdagar klokka 11.30–13.00.
Kom gjerne 15-20 minutt før timen startar for ein kopp kaffi og god prat.
SeniorSurf – lær deg å meistre den digitale kvardagen
Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Kurset passar både for nybegynnarar og deg med litt erfaring. Undervisninga er lett og praktisk, med kjekke oppgåver om nyttige tema. Ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Om du ikkje har BankID app, bør du ta med deg kodebrikka di.
Vi har litt utstyr til utlån ved behov.
SeniorTimen – nyttig informasjon for ein god kvardag
SeniorTimen gir deg kunnskap om viktige tema som aktivitet og fellesskap, velferdsteknologi, omsorgsbustadar, helse, mat og andre aktuelle tema. Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Tilboda varierer frå kommune til kommune, og gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein
SeniorGaming
Dette er eit tilbod vi arbeider med å sette i gang hausten 2026. Meir informasjon kjem etter kvart.
_________
SeniorGaming vil bli eit nytt tilbod for deg som er senior og har lyst til å utforske speleverda saman med ungdommar frå nærområdet.
Her får du høve til å lære, leike og knyte kontakt på tvers av generasjonar – i eit inkluderande og sosialt miljø.
Gjennom spel og aktivitetar byggjer vi bru mellom unge og eldre, og skapar rom for felles opplevingar, latter og læring. Du treng ikkje vere erfaren med dataspel – det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å vere med.
Her er informasjonsfolder (til utskrift) (PDF, 4 MB)
Pris og påmelding?
Alle samlingane er gratis, og du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp.
Tid og stad
Alle samlingane vert på Ulstein bibliotek torsdagar frå kl. 11.30-13.00. Kom gjerne 15-20 minutt før timen startar for ein kopp kaffi og ein god prat. Oppstart 12. mars 2026.
Informasjonsbrev til innbyggarar
For første gong sender vi også eit eige informasjonsbrev om SeniorSmart våren 2026 til innbyggarar i alderen 70 til 75 år. Målet er å nå ut til endå fleire seniorar, også dei som kanskje ikkje brukar digitale kanalar så ofte.
Aldersspennet er avgrensa for å halde utsendinga innanfor rimelege rammer, og for å teste om denne måten å informere på gjer at vi når fram til nye deltakarar. Erfaringane frå denne runden vil hjelpe oss i planlegginga av framtidige tilbod og utsendingar.
Vi håper brevet kan vere eit ekstra puff for fleire til å delta – og gleder oss til ein variert og sosial vår saman med dykk!
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko. Kontaktinformasjon finn du nedst på denne sida.
Vi set pris på om du informerer og inviterer seinorar som kan ha nytte av programmet vårt.
Velkomen til SeniorSmart!
KI-generert bilde