Transportselskapet Nor-log har kjøpt opp Norsk Bibliotektransport. Dei har mål om å vere operative med bibliotektransport i løpet av relativt kort tid, nett no estimert til 30. april.
Enn så lenge kan reserveringar i HUSH-biblioteka (Hareid, Ulstein, Sande og Herøy) gjerast, då vi sjølve fraktar bøker oss i mellom inntil ny transportordning er på plass.
Du kan ikkje bestille sjølv enno i Bibsøk, men biblioteket kan hjelpe deg med bestillingar i Depotbiblioteket.
Vi beklagar ulempa, men ser no at dette heldigvis vil løyse seg snart.