Ny lesekampanje for dei minste.

Ny lesekampanje for dei minste.

Hurra!

No er lesekampanjen for dei minste her" 100 bøker før du er 6 år". Kom på biblioteket for å få hefte med lesetips og buttons for kvar 25 bok.

 

Les 100 bøker før du er 6 år!

Velkomen til ei kjekk lesekampanje for dei yngste barna! 

Les saman og skap gode lesestunder og leseglede. 

Slik blir de med:

* Hent eit gratis lesehefte på biblioteket.

* Les bøker saman med barnet.

* Kryss av etter kvart.

* Kom til biblioteket når de har lese 25, 50, 75 eller 100 bøker, så får 

   barnet velje ein button.

* Når de har lese 100 bøker, får barnet også eit superlesar-diplom.

Kva bøker kan de lese?

* Alle bøker tel!

* De kan låne på biblioteket eller lese eigne bøker heime.

* Lydbøker, e-bøker og bøker frå barnehagen kan også telje.

Hugs at …

* Høgtlesing tel.

* Same bok kan lesast fleire gonger.

* Barnet vel sjølv kva button det ønskjer.

* Det viktigaste er ikkje kor fort de kjem til 100 bøker.

* Det viktigaste er at barnet får gode opplevingar med bøker saman    

   med ein vaksen.

Kvifor er høgtlesing så viktig?

* Når du les for barnet ditt, gir du mykje meir enn ei god historie. 

* Du styrkjer: språk og ordforråd, fantasi og kreativitet, 

   konsentrasjon, leselyst, nærleik og gode felles opplevingar

Berre nokre få minutt med høgtlesing kvar dag kan gjere ein stor forskjell. 

Fann du det du leita etter?