Kommuneveg
Du kan melde feil langs kommunevegen på fleire måtar. På kvardagar mellom kl. 09-15 kan du ringe sentralbordet i kommunen på tlf. 70 01 75 00. Du kan også når som helst sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no
Haster det å kome i kontakt med oss når sentralbordet er stengt kan teknisk vakt kontaktast på tlf. 476 01 000.
Fylkesveg
Ligg problemet langs fylkesveg er det statens vegvesen som eig vegen. Då må du ringe tlf. 175. Husk at dette gjeld både sjølve vegen og sykkelvegen langs fylkesvegen.
Kva gjer du når det er vinter?
Det same gjeld når det er vinter og du ønskjer å melde inn noko som gjeld brøyting eller strøing langs vegane.
Veglys
Feil på veglys kan du melde i denne kartløysinga.