
Teknisk utval har i møte 04.12.2025 gjort vedtak om å legge framlegg til detaljregulering for Kvalneset masseuttak og deponi med planid 20240002, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10.
Føremålet med planen er å vidareføre eksisterande masseuttak og pukkverkdrift i området, og samtidig legge til rette for etablering av deponi for mottak av ordinært avfall (kategori 2), der m.a. forureina massar inngår.
Plandokumenta finn du i kommunen sitt planarkiv, www.arealplaner.no, under Planbehandlinger og deretter Offentlig ettersyn.
Plankartet kan også sjåast på www.sunnmørskart.no.
Merknader til framlegget skal vere skriftlege og kan sendast via Ulstein kommune – kontakt oss eller til Ulstein kommune, Teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik innan 24.04.2026, og merkast med saksnummer 24/1910.
Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med kommunedirektøren sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.