Parkar

Parkar

Bjørndalsparken

Bjørndalsparken er ei grøn lunge som ligg skjerma til midt i sentrumskjernen, i Vikemyra 11. Her kan du slappe av, trene, leike eller nyte bruset frå elva. På kveldstid skal vi ta omsyn til naboane, og det skal vere ro i parken etter klokka 22.00. 

Bjørndalsparken ligg tilknytt Bjørndals Minne.

Bjørndalsparken sett frå elva.  - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust Paviljongen i Bjørndalparken  - Klikk for stort bilete Kari Marie Øvrebøe
Bugardsmyrane

Naturmøteplassen og friluftsanlegget i Bugardsmyrane er eit ynda friluftsområde sommar som vinter.

Aktivitetsanlegget er lett tilgjengeleg for alle. Frå parkeringa ved Bugardssvingen i Øvrevegen er det berre nokre få hundre meter på grusveg til Bugardsvatnet. Det er ikkje store vatnet det er snakk om, men likevel svært populært – spesielt om vinteren når skøytesesongen er i gang. Når mørkret fell på vert isen lyst opp av lyktene rundt vatnet.

Frå Bugardsmyra er der grusveg vidare til byggefeltet på Skeide. Du kjem deg også lett til fjells med tursti til Nibben og Osberget, og turveg på grus opp Blodslitet/Mørdarbakken II, til Lisjevatnet. 

Naturmøteplassen i Bugardsmyra har bålpanner til fri bruk, og der er gapahuk med bord og benkar.

Odd Kåre Wiik Skøyteis i Bugardsmyrane Svein Arne Orvik
Vikholmen frisbeegolf

På Vikholmen i Ulsteinvik sentrum finn du ei dikgolfbane.

Her kan du teste kastearma på seks ulike blinkar.

Diskgolfbane Vikholmen. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust
Sandvolleyball

Eiksund

Like ved småbåthamna i Eiksund og rett før svingen til Eiksundbrua er det sandvolleyballbane.

Der er også badestrand og fine turområder. 

Saunesparken

Saunesparken i Ulsteinvik er ei lita perle i sentrum av Ulsteinvik, og her er det lagt til rette for mellom anna sandvolleyball, basketball og fotball.

Sandvolleyballbane der ungdomar spelar sandvolleyball. Hotellet i bakgrunnen. Blå himmel. - Klikk for stort bilete Per Eide
Saunesparken

Noregs beste uterom

20. april 2016 vart Saunesparken i Ulsteinvik kåra til Noregs beste uterom, i klassa for tettstadar og friområde. Det er vi stolte av, for det er verkeleg ei sentrumsperle av ein park!

Parkrommet inviterer først og fremst til aktiv bruk. Den vender seg til mange brukargrupper, så her kan ein møtast på tvers av generasjonar og interesser. I parken er det gras, benkar og tre, der er leikeplass, minigolf, kunstgrasbane, basketballbane og sandvolleyball. Du kan også gå på elvepromenade! Der er montert tappekrane for drikkevatn.

Saunesparken har høg estetisk kvalitet med godt design og varig materialbruk. 

Quality Hotell Ulsteinvik ligg vis a vis parken. Der har du tilgang til toalett, og i resepsjonen kan du leige utstyr til minigolf.

Per Eide
Skateparken

Velkomen til Ulsteinvik skatepark!

På parkeringsplassen vest for Vikholmen park, i Ulsteinvik sentrum, finn du utandørs skatepark. Denne skateparken er for skateboard, rulleskøyter, sparkesykkel og BMX-sykkel.

All bruk er på eige ansvar og vi oppmodar sterkt om bruk av hjelm og anna sikkerheitsutstyr!

Vis omsyn! Vent på tur, og sjå deg for.


– Ulstein Skateklubb i samarbeid med Ulstein kommune.

Skateparken ved Vikholmen.  - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust Leif Ringstad
Skollebakken aktivitetspark

Skollebakken aktivitetspark ligg ved Skollebakken aktivitetshus i Skollebakken 6, like ved Amfi i Ulsteinvik.

Leikeapparat. - Klikk for stort bileteAktivitetsparken tilbyr varierte aktivitetar for barn og unge. Marie Flatin Aktivitetsparken Skollebakken. - Klikk for stort bileteReie, dumpe, gapahuk og anna kjekt. Marie Flatin
Rådhusplassen

Utanfor Ulstein rådhus er det parkområde der du kan setje deg ned med matpakken din. Der er bord og benkar, og ei fin grasslette omgjeven av ein nydeleg natursteinsmur. 

I parken kan du sjå bysta av krigshistorikar og forfattar Ragnar Ulstein. Ragnar Ulstein var medlem av Kompani Linge under andre verdskrigen. Forfattarskapen hans etter krigen om lokale, regionale og sentrale hendingar, og om heltemodige einskildmenneske under krigen, er stor. Bysta hans vart høgtideleg avduka 16. april 2016.

I desember er det julegrantenning i rådhusparken.

Byste av Ragnar Ulstein. - Klikk for stort bileteBysta av Ragnar Ulstein står på rådhusplassen. Svein Arne Orvik
Terrengsykkelbane

På Hofset i Ulsteinvik finn du ein spenstig sykkelpark med trasear, stiar og spennande hopp.

Baneanlegget har ei asfaltert og kupert pumpbane, eit dugleiksområde med hopp og balanseelement, og i skogen er der flytstiar med tre ulike trasear og vanskegrader.

Parken er eit lågterskeltilbod og open for alle. Her får du brukt heile kroppen og du får utvikle balanseferdigheitene dine. Bruk naudsynt verneutstyr! 

Oversiktsbilde terrengsykkelbane. - Klikk for stort bilete Per Eide
Tufteparken

Tufteparken Ulstein er eit lågterskeltiltak for den uorganiserte aktiviteten og folkehelsa i kommunen. Her er det heilt gratis å trene, og den er open for alle heile døgnet året rundt. Parken ligg i Bugarden, og du finn parkering i Osnesbrunene og/eller i Bugardssvingen (Øvrevegen). 

Parken består av 10 stålrørapparat, der ein kan trene med eiga kroppsvekt. "Street workout" er inspirasjonen bak konseptet som skaper eit heilt nytt alternativ for alle.

Vi håper og trur at Tufteparken Ulstein kan inspirere og motivere til ein meir aktiv kvardag for nettopp deg!

Gå gjerne inn på www.tufteparken.no for å lese meir om konseptet.

Fotobakken