Veterinær/dyrlege

Veterinær/dyrlege

Veterinærtenesta i Ulstein er organisert under helse- og omsorgsetaten.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Landbruksdirektoratet har delt inn landet i ulike veterinærvaktdistrikt. Vaktdistrikta er gjort med utgangspunkt i passande mengde og lokalisering av små og store dyr, akseptable køyreavstandar og infrastruktur som gjer det mogleg å ha veterinær på vakt til ei kvar tid. Ulstein kommune er i vaktdistrikt 152 saman med Herøy kommune, Hareid kommune og Sande kommune.  

Det finst i dag ein samarbeidsavtale om at Ulstein er ansvarleg for veterinærvakttenesta i vårt vaktdistrikt.

I vårt vaktdistrikt finst det i dag eit veterinærkontor som ligg i Ulsteinvik. Elles må folk til Ørsta eller Ålesund om dei treng veterinærtenester. 

Her finn du heimesida til veterinærkontoret i Ulsteinvik.

Vakttelefon: 70 01 06 54. Utanom ordinær opningstid kan du likevel ringe dette nummeret, og du får moglegheit til å verte sett over til vakthavande veterinær.