KoordinatorEin koordinator er ein som skal hjelpe deg å samordne tenestene dine.Føremålet med å tildele ein koordinator er at dersom du har behov for hjelp frå tre eller fleire etatar, og desse må bli sett i samanheng, kan ein koordinator hjelpe deg med å sikre samordning av tiltak som du treng og har rett på.Ein koordinator kan også legge til rette for utveksling av informasjon mellom deg/pårørande og dei ulike etatane for å gjere tenestene best muleg.Retten til koordinator gir ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som du ville hatt rett på utan ein koordinator. Kva er ein koordinator?Når du har fått tildelt ein koordinator er det denne, i lag med deg/pårørande, som avklarar behov og mål med samordninga.Koordinatoren og du/pårørande vert einige om kva etatar som skal bidra i samordninga. Dette kan til dømes vere:helsestasjonfastlegebarnehageskulefysioterapeutPPTNavkoordinerande einingspesialisthelsetenesta Tildeling av koordinatorDet er som regel andre tenesteytarar som melder frå til koordinerande eining om at ein person har behov for koordinator. Dette kan gjerast ved å ta ein telefon til koordinerande eining, eller å nytte internt meldeskjema. OppfølgingsteamDet tverrfaglege teamet som til ei kvar tid arbeidar saman med – og gir tenester til ein brukar/pårørande, vert kalla oppfølgingsteam. Teamet vert leia av utnemnd koordinator.Kva kan du forvente?I eit oppfølgingsteam har koordinator den viktigaste rolla, etter deg/pårørande.Koordinator skalavklare ansvar og forventningar mellom alle involverte partarlegge til rette for brukarmedverknadkalle inn til oppfølgingsmøte etter ein fastlagt struktur, og leie møta ved behovskrive referat frå møta som oppfyller lovkrava til prosessen og innhaldet i ein individuell plansikre at det vert framdrift i den individuelle planeninformere og avklare bruken av samhandlingsverktøyet Samspill dersom dette vert nyttaskape eit godt samarbeidsklima der dei ulike deltakarane respekterer kvarandre sine fagfelt og lovverkha oversikt over oppfølginga du har behov forArbeidsoppgåver som ikkje omfattar koordinatorta avgjersle om innhald og omfang av tenesteroverprøve faglege vurderingar som er gjort av andre deltakararutføre føresette sine ansvarsoppgåver eller andre velferdstenester sine oppgåverKva forventar vi av deg?Vi forventar at dugir informert samtykke til planprosess og informasjonsutvekslingdeltek aktivt i planarbeidet og oppfølgingakommuniserer behov og mål så godt som mogleg, og gjerne i god tidbidreg til samarbeid med koordinator og andre tenesteytarargir tilbakemelding og deltek i evaluering av planen og prosessenKven er målgruppa?Personar med behov for langvarig og koordinerte tenester, uavhengig av alder eller diagnose, kan ha rett på koordinator og individuell plan etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2. Kva kostar det?Tenesta er gratis. Slik behandlar vi tilvisinga diDet er koordinerande eining som får melding om du har behov for koordinator. Du eller dine pårørande har samtykt til at meldinga vert sendt. Du vil få eit brev med informasjon om tildelinga. Du kan klage på tenestaFinn du grunn til å klage kan du ta kontakt med leiar i koordinerande eining.Kontaktinformasjonen finn du nedst på sida. Brosjyre (PPT, 323 kB) Publisert 05.07.2018 12:45 Sist endra 18.09.2025 11:46