Seniorbesøk

Seniorbesøk

Tilbod om helsefremjande heimebesøk til deg som er 80 år.

Ulstein skal vere ein god kommune å verte gamal i. Omsorgsetaten vil difor tilby ein helsefremjande og førebyggande samtale i heimen det året du fyller 80 år.

Målet med besøket er å ha ein samtale om kvardagsliv og helse. Her vil du få kunnskap om moglegheiter i seniortilværet og du får ei mappe med informasjon.

Tilbodet er eit ledd i regjeringa si satsing på å styrke eldre sine ressursar, og å sikre gode og trygge helse- og omsorgstenester. Dette har bakgrunn i folkehelselova, kapittel 2.  


Tema

Tilbodet går til deg som ikkje har omfattande heimetenester. Betre levekår og helsetilbod skapar forventningar til eit aktivt liv - også etter pensjonsalder. Førebyggande heimebesøk fremjar helse og meistring, og gir moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv også når helsa vert redusert.

Tema for samtalen omfattar

  • meiningsfylt aktivitet
  • sosial deltaking
  • kosthald
  • einsemd
  • førebygging av fallulykker og tryggheit og sikkerheit i heimen.

 

Det vert spesielt vektlagt kva du sjølv meiner er viktig for å ta vare på eiga helse.

Du vil få eit brev med eit tilbod om eit helsefremjande og førebyggande heimebesøk.  Å ta imot besøket er frivillig, og det vil vare om lag 1 time.  Vi vil ringe deg før besøket for å verte einige om dag og klokkeslett.

 

Nyttige lenker:

Leve hele livet (PDF, 2 MB)

 

Nasjonal rettleiar

Her finn du også info om førebyggande heimebesøk frå den nasjonale rettleiaren: forebyggende hjemmebesøk.
 

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar Koordinerande eining
E-post
Mobil 98 23 06 37