Vegard Ertesvåg
På Skeide er det til saman etablert 50 bustadtomter, og også ein del areal for tettare utnytting (firemannsbustader, rekkehus m.m.).
Det vert lagt opp til at utbyggingsfirma kan søke på områda for tettare utnytting etter visse kriterium. Dei fleste områda for tettare utnytting vert annonsert samstundes med bustadtomtene. Desse er også markert med omriss i kartet.
Pris
Tomtepris pr. m² er kr 1250,- fastsett av kommunestyret den 17.06.2021.
Det vert i tillegg lagt til eit sakshandsamingsgebyr på kr 20 000 pr tomt.
Søk om tomt
Søknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling
Kart
Kart over dei kommunale bustadtomtene på Skeide finn du her (Sunnmørskart.no).
Tomter som er merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal. Det kan vere at nokon av dei er handgitt (reserverte). Kontakt oss for å få opplysningar om kva handgjevingar som er gitt og når desse ev. går ut.
Dersom du er interessert i ei tomt som er handgitt, kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.
"S" betyr at tomta er seld eller formelt tildelt og utarbeiding av kjøpekontrakt/skøyte er i prosess.
Tomter som i reguleringsplan er regulert til tettare utnytting vil du sjå har ein mørkare gulfarge enn ordinære bustadtomter.
I vår 3D-modell over kommunale tomter for sal kan du manøvrere deg rundt i byggefeltet. Det er også lagt til rette for ein enkel sol/skugge-analyse.
Klikk her for å kome inn i 3D-modellen.

I kartoversikt under viser dei nye tomtene og vegsystemet. Vegstubbar som er teikna med grønt er fellestilkomstar der kommunen ikkje har ansvar for vedlikehald og brøyting.

Skeidebygda bada i sol sett frå utsiktspunkt på Nibben
Arne Runar Vik
Flott utsikt til Ulsteinfjorden, Hindholmen i fin flyt.
Arne Runar Vik
Frå utsiktspunktet Kassen på Osberget.
Berit Cecilie Skeide