Bustadtomter på GarsholhaugenGarsholhaugen bustadfelt ligg mellom Hasund og Botnen og er sørvest-vendt. Her har du utsikt over Garsholhølen og fjella på Gurskøya. Tomtene er frå ca. 800 m² til 1040 m² store. PrisTomteprisen er 300 kr per m². Det vert i tillegg lagt til eit sakshandsamingsgebyr på kr 20 000 pr tomt.KartKart over dei kommunale bustadtomtene i Garsholhaugen finn du her (Sunnmørskart.no)Tomter som er merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal. Det kan vere at nokon av dei er handgitt (reserverte). Kontakt oss for å få opplysningar om kva handgjevingar som er gitt og når desse ev. går ut. Dersom du er interessert i ei tomt som er handgitt, kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg. "S" betyr at tomta er seld eller formelt tildelt og utarbeiding av kjøpekontrakt/skøyte er i prosess.Søk om tomtSøknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling Publisert 12.10.2018 16:02 Sist endra 03.02.2026 13:10