Bustadtomter på Dimna

Bustadtomter på Dimna

 

Vi har ledige tomter i felta Legehaugane og Storhaugen på Dimna. 

Vi har opparbeidd bustadfeltet Legehaugane på Dimna med attraktive bustadtomter. Her er også ei tomt for konsentrert utnytting. Vidare er der ledige tomter på Storehaugen.

Pris

Tomtepris er 740 kroner per m². 

Det vert i tillegg lagt til eit sakshandsamingsgebyr på kr 20 000 pr tomt.

Kart

Kart over kommunale bustadtomter i Legehaugane og Storhaugen finn du her (Sunnmørskart.no)

Tomter som er merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal.  Det kan vere at nokon av dei er handgitt (reserverte).  Kontakt oss for å få opplysningar om kva handgjevingar som er gitt og når desse ev. går ut.  

Dersom du er interessert i ei tomt som er handgitt, kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.  

"S" betyr at tomta er seld eller formelt tildelt og utarbeiding av kjøpekontrakt/skøyte er i prosess. 

Søk om tomt

Søknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling

Kontakt

Anita Øyehol
konsulent
E-post
Mobil 90 66 04 67
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08