I Haddal har du sjøen og fjella tett innpå deg. Her er både barneskule og barnehage. Frå Haddal er det knappe 10 minutt å køyre til Ulsteinvik. Til Volda, Ørsta, Fosnavåg eller Larsnes brukar du berre 20–25 minutt.
Pris
Feltet Myrane er opparbeidd av kommunen og har ein tomtepris på 584 kr per m². Vi har også ei ledig tomt i det utbygde feltet Solsida i Haddal. Tomteprisen for denne er 200 kroner per m².
Det vert i tillegg lagt til eit sakshandsamingsgebyr på kr 20 000 pr tomt.
Kart
Kart over dei kommunale bustadtomtene i Haddal finn du her (Sunnmørskart.no).
Tomter som er merka med "tomtenr" på kartet er klare for sal. Det kan vere at nokon av dei er handgitt (reserverte). Kontakt oss for å få opplysningar om kva handgjevingar som er gitt og når desse ev. går ut.
Dersom du er interessert i ei tomt som er handgitt, kan du søke om å få denne tildelt. Då får den som har fått tomta handgitt to vekers frist til å bestemme seg.
"S" betyr at tomta er seld eller formelt tildelt og utarbeiding av kjøpekontrakt/skøyte er i prosess.
Søk om tomt
Søknadskjema Reglar for handgiving Reglar for tildeling
Sjå film frå området, laga av Blåtind Fotografikk, på initiativ frå Bulyst Eiksund og Haddal: