Her er årets nyskaparar!

Her er årets nyskaparar!

Med diplom og blomster. - Klikk for stort bileteOle Terje Sukka og Øyvind Grimstad Hagen er Årets nyskaparar 2022 i Ulstein kommune. Karen Strand

Vart gjort stas på då dei kom på jobb på Ulsteinvik barneskule.

Fredag 3. februar vart prisen for Årets nyskapar 2022 delt ut på personalfesten til Ulstein kommune, på Sjøborg kulturhus. Men vinnarane hadde ikkje høve til å møte, og vart difor gjort stas på då dei kom på jobb på Ulsteinvik barneskule, måndag 5. februar.

Årets nyskaparar 2022 er Øyvind Grimstad Hagen og Ole Terje Sukka, For satsinga Maskorama og Alle mot rektor.

– De har gjennom mange år utmerkt dykk kreativt og positivt både blant lærarar, elevar og føresette. De har på eige initiativ funne fram til ulike konsept og idear, og er gode til å bruke verktøya de har tilgjengeleg for å gjennomføre. Maskorama og Alle mot rektor er berre det siste årets gode idear. De inspirerer dei rundt dykk til å tenke nytt, og er gode rollemodellar for både kollegaer og tilsette, står det i grunngjevinga frå formannskapet, som er dei som tildeler prisen.

Vinnarane får diplom og blomster, i tillegg til deltaking på ein valfri konferanse med nyskaping som tema, og 2 000 kroner.

Les meir: – Her er prisvinnarane

I fjor var det kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust som vart kåra til Årets nyskapar 2021.