Ordførarkjedet

Ordførarkjedet

Ordførarkjedet i Ulstein er både teikna og laga av gullsmed Arild Waage, og er ei gåve frå Sparebanken Møre, Ulsteinvik. Sjå bileta under for å få vite meir om dei ulike symbola i ordførarkjedet.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Den gamle kyrkja på Ulstein
Kyrkja var reist ein gong på 1100-talet, og vart eit samlande midtpunkt for Ulsteinfolket gjennom fleire århundre fram til 1878.

Ulstein Rotaryklubb har reist ein bauta på kyrkjegarden til minnesmerke. Det vert sagt at fleire tusen er gravlagde innanfor kyrkjegardsmurane.

Masdalsklova
Symbolet skal minne om at Vartdalsstranda var ein del av Ulstein kommune fram til 1894.

Ein karakteristisk fjellformasjon.

Minnestein ved Ulstein kyrkje
Dette er minnesteinen over ulsteinvikarar som har kome bort på havet.

Koparplata har inngravert alle namna frå 1900 til 1970.

Minnestein/bauta ved Ulstein kyrkje
Denne steinen er til minne om dei som miste livet under krigshandlingane i 1940-1945. 

Grasøy fyr
Dette er symbolet på Grasøy fyr. Denne fyrlykta markerer Ulstein si grense mot havet i nord.

Eit kjent merke for sjøfarande.

Kleppen
Ein ekte kveiteklepp symboliserer fiske og fangst. Ulstein har framleis mange som hentar inntekta si frå fiske og fangst.

"Rise-banken"
Motivet viser Magnus Nilson Rise sitt våningshus på Rise på Hareid. Populært vart huset kalla Rise-banken.

Magnus Rise var elles den første varaordføraren i Ulstein, og symbolet skal markere at Hareid var ein del av Ulstein kommune fram til 1. januar 1917. Denne stova vart også mykje nytta til møtelokale, og då Ulstein og Hareid sparebank vart skipa i 1867 hadde banken kontoret sitt her.

Eit staseleg bygg.

Eit eiketre
Dette symbolet skal minne om at Eiksund krins vart overført frå Herøy til Ulstein kommune ved grensereguleringa 1. januar 1964.
G-nøkkel
Kulturlivet i Ulstein er markert med to symbol i kjedet. G-nøkkelen markerer song og musikk. Her kan nemnast at Ulstein mannskor vart skipa allereie i 1884, musikklaget ULF i 1893, losje TRU i 1897 og Ulstein Misjonsforeining så tidleg som i 1846.
Fotballspelar
Det andre motivet om kulturlivet markerer idrettslivet i bygda, og vi har valt å la ein fotballspelar symbolisere dette. Det er få namn som har fokusert Ulstein kommune så sterkt som Hødd. Dette gjeld mest fotball, som framleis er den største gruppa, men vi må også nemne alle dei andre aktivitetane laget driv. Hødd vart skipa allereie i 1919, men sidan då har vi fått mange driftige lag: Hasundgot, Dimna, Haddal og Flø m.fl.
Sigden
Sigden er symbolet på jordbruk. Kanskje var her fleire bruk tidlegare, men vi har enno mange og tildels store bruk i kommunen.
Alterkalken
Dette er eit klenodium i seingotisk stil. Kalken er av forgylt sølv og har vore i Ulstein kyrkje sitt eige heilt sidan ein gong på 1500-talet.
Vekta
Ei god, gamaldags vekt er symbolet på handel. Ulstein har arbeidd for å verte eit handelssenter for regionen, og kanskje har vi lukkast ein del på veg.
Heisekran
Heisekrana er symbolet for industri og handverk. Det er uråd å snakke om industrien i Ulstein utan å nemne skipsverfta og den eventyrlege utviklinga den har hatt.

Hengesmykke
Til slutt ser vi at kommunevåpenet er festa til kjedet med ein kopi av eit spadeforma "hengesmykke". Smykket skriv seg attende til den yngre steinalder, det vil seie frå tida ikring år 2000 før Kristus. Hengesmykket, som var av skifer, vart funne like nord for Ulsteinelva - ikkje langt frå gamle kyrkjegarden på Ulstein.

Kommunevåpenet for Ulstein er sjølvsagt det sentrale i ordførarkjedet. På baksida av motiva er inngravert namna til ordførarane i kommunen og kva tid dei har "regjert". Heilt tilbake til sokneprest Winsnes som var den første ordføraren.

Ordførarkjedet vart overrekt frå Sparebanken Møre i høve 150-års jubileet for kommunalt sjølvstyre i Norge. Jubileet vart markert med festkveld på Ulstein Samfunnshus den 05.09.1987.