Er din kontaktinformasjon rett?
For at du skal få tilgang til viktig informasjon når vi varslar om ulike hendingar, er det viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert og rett.
Det ordnar du enkelt sjølv:
Sjekk her
Varsling 24 varslar via SMS på mobiltelefon, e-post til innbyggarar over 16 år, og telemelding til fasttelefon. Meldinga går også til kontaktpersonar i verksemder.
Også for dei i burettslag
Alle einingar i eit burettslag/sameige vert også varsla. Føresetnaden er at dei som bur der er ført opp i folkeregisteret med rett adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.
Når sender kommunen SMS?
Kommunen informerer innbyggarane digitalt når det til dømes er nødvendig med koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering og andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon.