Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden?

Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden?

Norkart as   

Når kommunane på Søre Sunnmøre no lanserer e-Torg vert det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

E-Torg er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meklarpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir. 
Dette sjølvbetjente tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering. Du får bestilt produkt fra alle 7 kommunane i same portal.
Kommunane har også på gang MinEigedom og E-byggsøk med fleire sjølvbetjente løysingar.

Her finn du e-Torg for Søre Sunnmøre : sunnmorskart.e-torg.no  (fungere ikkje med Internet explorer, bruk Chrome eller andre nettlesarar)

Her kan du bestille nabovarsel (eNabovarsel)

Her kan du sjå ein kort video om e-Torg: