Kunstnarspirer stiller ut på biblioteket

Klikk for stort bileteJulie og Ina viser fram noko av det som pryder veggene i biblioteket i vekene framover. Janne-Marit Myklebust Nye kunstverk -  inspirert av kunst frå alle tidsepokar, heng no til utstilling på biblioteket i Ulstein Arena. 

Kubisme, surrealisme, modernisme eller ekspresjonisme. Tiandeklassingane i Ulstein har vore innom dei fleste kategoriane i undervisninga, og har henta inspirasjon frå  kjende kunstnarar til å skape eigne kunstverk. Eit utval av desse kan du no sjå i lokala til biblioteket i Ulstein Arena.

Klikk for stort bileteBallerina. Janne-Marit Myklebust Utstillinga er det Marte Gurskevik Skeide frå Ulstein ungdomsskule som har teke initiativ til.

- Det vert laga så utruleg mykje flott som eg meiner fortener å verte vist fram til fleire, seier ho.

Skeide er lærar og tek spesialistutdanning i kunst og handverk. 

Klikk for stort bileteMarte Gurskevik Skeide i gang med å henge opp utstillinga på biblioteket. Janne-Marit Myklebust - Alle tiandeklassingane er innom fire ulike tema i løpet av eit skuleår. Det er redesign, kunst av tre, bildebehandling, og så ei kunstoppgåve. I kunstoppgåva hentar dei inspirasjon frå kjende måleri og kjende kunstnarar, og lagar sine eigne verk. Målet er ikkje å kopiere, men å verte inspirert, om det er ein farge, ei form, eller noko anna. Dei er utruleg flinke. Mange vert overraska sjølv også, over kva dei får til. 

Klikk for stort bileteArbeidslivsfag ved Ulstein ungdomsskule stod for rigginga av utstillinga. Her er Knut Ole i aksjon. Janne-Marit Myklebust Klikk for stort bileteRigging av kunstutstilling. Janne-Marit Myklebust Utstillinga vert hengande nokre veker framover, og Skeide oppmodar folk om å ta turen innom for å sjå.

- Vi har ikkje hatt tradisjon for å stille ut arbeidet til elevane andre stader enn på skulen, men eg tenker at fleire bør ta turen for å sjå kor mykje bra som vert laga, seier Skeide.

Ho kjem til å henge opp plakatar der det vert oppmoda om å kome med tilbakemeldingar på utstillinga.

Klikk for stort bileteKunstutstillinga i biblioteklokala. Janne-Marit Myklebust