– Eg vil at de skal vere eit fyrtårn, for de er knakande gode på dette!

– Eg vil at de skal vere eit fyrtårn, for de er knakande gode på dette!

Ulstein ungdomsskule er godkjent som dysleksivennleg skule, og får ros frå Dysleksi Norge.

Tilsette ved Ulstein ungdomsskule samla ute. - Klikk for stort bileteGlad gjeng som gler seg til eit nytt skuleår med fersk sertifisering som dysleksivennleg skule. Framme frå venstre rektor Trond Berg, Daniela Alina, Katrin Dahlstrøm frå Dysleksi Norge og Turid Alise Lindset. Alina og Lindset er dei to som har vore mest involvert i arbeidet med å verte dysleksivennleg skule – i oppstartsfasen. Janne-Marit Myklebust

– Prosessen vi har vore gjennom har lagt grunnlaget, og det er no jobben startar, seier rektor Trond Berg. 

Han er stolt over at Ulstein ungdomsskule har fått godkjenning som dysleksivennleg skule.

Dysleksivennlege skular

  • har eit inkluderande og aksepterande miljø
  • har gode system og kompetanse på å finne dei som har vanskar
  • kartlegg og registrerer alle elevane sine leseferdigheiter systematisk
  • følger opp leseutviklinga hos dei elevane som treng det
  • er gode på å bruke moglegheitene IKT gir
  • sørger for at alle lærarane har kompetanse i tilpassa undervising for elevar med lese- og skrivevanskar, språkvanskar og matematikkvanskar
  • er både små og store, i fattige og rike kommunar
  • har ikkje meir tid eller ressursar enn andre skular, men dei set kunnskap i system og skaper gode rutinar
  • evnar å sjå forbetringspotensial og har vilje til å endre praksis

Kjelde: Dysleksi Norge

Det siste året har ungdomsskulen gjennomført planarbeid og hatt sertifiseringsbesøk frå Dysleksi Norge.

– Eg var litt stolt då dei var på besøk, og dei sa til oss at dei opplevde at i Ulstein var det ikkje farleg å seie høgt at nokon har dysleksi.  At det er i ferd med å verte ufarleggjort. Då eg vaks opp var det ofte eit tabu. Noko som ikkje skulle verte snakka om, seier Trond Berg.

Fyrtårn

Katrin Dahlstrøm er leiar i Dysleksi Norge og også lokalforeininga på Sunnmøre. Ho rosar ungdomsskulen for å vere framoverlente og uredde.

– Eg håper at de skal vere eit fyrtårn, for de er knakande gode på dette. Verktøya de har lært og metodane de kan skal trygge våre mest dyrebare–ungdomane våre. Saman skal vi gjere vårt til at elevane som slit vert sett for den dei er og får den hjelpa dei treng. Dei skal vite at det ikkje er farleg og at dei ikkje er aleine.

Særleg telefonen løftar ho fram som eit godt verktøy for dei som slit med ei eller anna form for lese- og skrivevanskar.

– Det er kanskje eit av dei viktigaste verktøya. Med den kan ein ungdom med dysleksi lese med øyrene og skrive ved å prate. Teknologien i dag er fantastisk, men dei må lære seg å bruke han rett.

Plakett på veggen. - Klikk for stort bileteBeviset på at Ulstein ungdomsskule er godkjent som dysleksivennleg skule. Janne-Marit Myklebust

 

10 per kull

– Her skal det vere slik at uansett kven som jobbar her og uansett kven som er elevar her, så skal dei som har lesevanskar, skrivevanskar eller matematikkvanskar oppleve at alle har dei same verktøya og dei same metodane, uansett kva klasse dei kjem i.

For kvart kull på skulen, reknar rektoren med at der er rundt 10 elevar med ei eller anna form for dysleksi.

– Vi trur at det å vere ein dysleksivennleg skule vil vere ein reiskap for å styrke eleven si sjølvkjensle og tru på eigne evner, uansett føresetnader.

Trond Berg håper at arbeidet ved ungdomsskulen inspirerer andre, og også får ringverknader nedover i grunnskulen.

– Vi må oppdage dysleksi så tidleg som mogleg, og helst før ungdomsskulealderen, slik at elevane våre får eit best mogleg utgangspunkt for resten av livet.

snorklipping - Klikk for stort bileteHøgtidleg snorklipping framfor beviset på veggen som viser at skulen er dysleksivennleg. Janne-Marit Myklebust