Vaksine mot helvetesild tilgjengeleg etter påske - Ulstein kommune

Vaksine mot helvetesild tilgjengeleg etter påske

Vaksine mot helvetesild tilgjengeleg etter påske

Etter stor pågang nasjonalt, har det no endeleg blitt mogleg å få tak i vaksine mot helvetesild. Ulstein helsestasjon kan tilby denne vaksinen frå etter påske. 

Helvetesild (herpes zoster) er ein virussjukdom med opphav i det same viruset som vannkoppar. Alle som har hatt vannkoppar risikerer å få helvetesild seinare i livet, og sjukdomen kan vere svært smertefull. Vaksine kan førebygge mot sjukdomen, og eldre og dei med nedsett immunforsvar er spesielt utsett. Det er tilrådd med to doser, og pris per dose er kr 2260. 

Her kan ein lese meir om helvetesild: Helvetesild - Helsenorge

Ulstein helsestasjon har opna vaksinasjonsklinikk, og utfyllande informasjon om våre tenester kan du finne her: Vaksinar for vaksne og reisevaksinasjon - Ulstein kommune.  

Vaksinasjonsklinikken held ope kvar onsdag frå kl 13-15.30. Du kan allereie no gå inn på lenka under og bestille deg time.

 Timebestilling Helseboka