Vaksinar for vaksne og reisevaksinasjon - Ulstein kommune

Vaksinar for vaksne og reisevaksinasjon

Vaksinar for vaksne og reisevaksinasjon

Ulstein kommune tilbyr vaksinar til både barn og vaksne – som del av dei nasjonale vaksinasjonsprogramma og etter tilrådingar frå Folkehelseinstituttet. Vi tilbyr også vaksinasjon i høve utanlandsreiser. Her finn du informasjon om timebestilling, vaksinetilbod og praktiske råd knytt til vaksinasjon. 

For oversikt over tidlegare vaksinasjon: Sjekk kva for vaksinar du har tatt - Helsenorge 

Timebestilling
Opningstider og kontaktinformasjon

 

Vaksinar for vaksne 

Influensavaksine 

Influensavaksinen blir anbefalt kvart år til eldre og personar i risikogrupper. Vaksinen blir tilbydd i vinterhalvåret. På hausten tilbyr vi massevaksinering på fastsette datoar, og vidare ved timebestilling ut over vinteren.  

Pris for influensavaksine er kr 301. 

Kven bør ta influensavaksine?

Koronavaksine 

Koronavaksinen blir anbefalt til eldre og risikogrupper, og vaksinen bør takast før haust-/vintersesongen kvart år. På hausten tilbyr vi massevaksinering på fastsette datoar. Koronavaksinen er tilgjengeleg heile året. 

Pris for vaksinen er kr 110. 

Kven bør ta koronavaksine?

Oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og poliomyelitt 

Gjennom det norske barnevaksinasjonsprogrammet får ein tilbod om denne vaksinen i 2. og 10. klasse. Folkehelseinstituttet anbefaler påfyll av vaksinen omlag kvart tiande år. Anbefalinga gjeld alle vaksne, ikkje berre dei som skal på utanlandsreise.  

Sjå prisliste for meir informasjon.  

Kven bør ta oppfriskingsvaksine?

RS-vaksine

Infeksjon med respiratorisk syncytialt virus (RS-virus) er ei hyppig årsak til nedre lufveginfeksjon hos spedbarn og småbarn, men også vaksne kan bli ramma av RS-virus. Det finnes ingen vaksine mot RS-virus for barn, men infeksjon kan førebyggast ved å gi mor vaksine i svangerskapet.

Sjå prisliste for meir informasjon.  

Kven kan ta vaksine mot RS-virus?

Pneumokokkvaksine 

Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan forårsake lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse.  Pneumokokkvaksinen er innlemma i det nasjonale vaksenvaksinasjonsprogrammet: Vaksinar til vaksne - FHI

Sjå prisliste for meir informasjon.  

Kven bør ta pneumokokkvaksine?
Kven får vaksinen gratis i 2026?
Kva type vaksinar tilbyr Ulstein kommune mot pneumokkbakterien?

Vaksine mot helvetesild

Helvetesild (herpes zoster) kjem av det same viruset som vannkoppar, og sjukdomen kan gi store smerter i hud hos dei som blir råka. Ulstein helsestasjonen tilbyr no vaksine mot helvetesild. Det er tilrådd med to doser, og oppgitt pris er per dose. 

Sjå prisliste for meir informasjon.

Kva er helvetesild?
Kven kan ta vaksine mot helvetesild?

Reisevaksinasjon

Dersom du skal reise til land med risiko for tropesjukdommar eller andre smittsame sjukdommar, rår vi til at du bestiller time minst fire veker før avreise. I konsultasjonen går vi gjennom vaksinestatusen din og relevante helseopplysningar. Ved bestilling av reisevaksinasjon ber vi deg oppgi reisemål, slik at vi kan vurdere kva vaksinar som er anbefalte eller påkravde. Du betaler for både konsultasjon og dei enkelte vaksinane. Ved bestilling må du fylle ut eigenerklæringsskjema knytt til reisa di. 

Sjå prisliste for meir informasjon. Merk at det er ulik pris for individuell konsultasjon og familiar.  

Bestill konsultasjonstime her: Time til reisevaksinasjon 

Pris og eigenbetaling

Pris for vaksinar er fastsett av Helsedirektoratet. Hos oss betaler du kostpris for vaksine i tillegg til eit administrasjonsgebyr, eventuelt ein konsultasjonspris ved reisevaksinering.  Merk at oppgitt pris i tabellen er per dose.

Oppdatert prisliste per 19. mars 2026. 

MERK: Vaksine mot rabies er utilgjengeleg per 19. mars 2026 på grunn av stor pågang nasjonalt. Vi oppdaterer heimesida når den igjen blir tilgjengeleg. 

Pris og eigenbetaling
Type konsultasjon Pris 
Administrasjonsgebyr vaksinering (enkeltdose/påfylling)  200 kr 
1.gangskonsultasjon reisevaksinasjon  500 kr 
Andre/tredje konsultasjon for same reise  200 kr 
1.gangskonsultasjon familie (2-5 stk)  600 kr 
1.gangskonsultasjon familie (6- 8 stk)  700 kr 
Andre/tredje konsultasjon for same reise, familiar  400 kr 
Utfylt vaksinasjonskort  150 kr 
Utskrift av vaksinasjonsdokumentasjon 50 kr 

 

Vaksinepris
Type vaksine Pris per doseMerknad 
Influensa  301 kr (inkl. adm.gebyr) Sesongvaksine, risiko og alder + 65 år  
Covid 19  110 kr (inkl. adm.gebyr) Heilårsvaksine, risiko og alder + 65 år  
Lungebetennelse (Prevenar 20)  900 kr Heilårsvaksine, livslang beskyttelse. Født 1960 og 1961 betaler kun adm.gebyr.
Lungebetennelse (Pneumovax)  380 kr Heilårsvaksine, påfyll kvart 6. år 
Difteri/stivkrampe/kikhoste/polio (Repevax)  260 kr Påfyll kvart 10. år 
Hepatitt A (Havrix voksen)  460 kr To doser, livslang beskyttelse  
Hepatitt A (Havrix barn)  340 kr To doser, livslang beskyttelse  
Hepatitt B (Engerix voksen) 300 kr Tre doser, livslang beskyttelse  
Hepatitt B (Engerix barn)  260 kr Tre doser, livslang beskyttelse  
Hepatitt A + B (Twinrix voksen)  650 kr Tre doser, livslang beskyttelse  
Hepatitt A + B (Twinrix barn)  450 kr Tre doser, livslang beskyttelse  
Helvetesild (Shingrix) 2260 kr To doser  
RS-virus gravid (Abrysvo) 2500 kr  Gestasjonsveke 24-36 
RS-virus (Arexvy) 2340 kr Frå 60 år  
Skogflottencefalitt (Ticovac voksen) 380 kr To-tre doser  
Skogflottencefalitt (Ticovac barn)  360 kr To-tre doser 
Japansk encefalitt (Ixiaro) 1250 kr To doser  
Tyfoidfeber (Vivotif) 240 kr 3 kapslar, 3 års beskyttelse  
Tyfoidfeber (Typhim Vi)  210 kr 3 års beskyttelse 
Gulfeber (Stamaril) 650 kr Sertifikat kr 60, livslang beskyttelse  
Rabies (Rabipur)  860 kr To doser 
Meningokokk ACWY (Nimenrix)  400 kr 10 års beskyttelse, blir tilbydd alle i vgs.  
Tuberkulose (BCG) 110 kr (inkl. adm.gebyr)  Livslang beskyttelse 
Vannkoppar (Varilrix) 460 kr To doser  
Vannkoppar (Varivax) 610 kr To doser  
Kolera (Dukoral) 1080 kr To doser, oppgitt pris for begge.  
Kolera (Vaxchora) 600 kr   
Malaria 100 kr Reseptkostnad  

 

Barne- og skulevaksinar 

Barn under skulealder blir vaksinert gjennom helsestasjonen.  

Skuleelevar får vaksiner gjennom skulehelsetenesta. 

Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet her: Barnevaksinasjons­­programmet - Helsenorge 

I høve reisevaksinasjon eller spørsmål om vaksinar utanom Barnevaksinasjonsprogrammet, ta kontakt med vaksinasjonskontoret.

Har du spørsmål?

Vaksinasjonskontoret kan hjelpe deg med informasjon om vaksinar, reise, anbefalingar og helseråd. 

Kontakt: 488 95 043 

E-post: ann.iren.brautaset@ulstein.kommune.no 

Artikkelliste