Skal du køyre Selvågtunellen dei neste månadene? Les her!

Skal du køyre Selvågtunellen dei neste månadene? Les her!

Selvågtunellen på fylkesvegen mellom Haddal og Eiksund skal oppgraderast. Arbeidet startar 27. januar og er venta å vare heilt til 29. oktober.

Svein Arne Orvik

På dagtid vil tunellen vere open for trafikk, men mellom klokka 20.00 og 06.00 på morgonen, vil tunellen vere stengt.  

NB: Natt til 23. februar og natt til 24. februar vil Selvågtunnelen vere open for trafikk.

Det vert kolonnekøyring på faste tidspunkt.

Dei er

  • klokka 20.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 21.00 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 21.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 23.00 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 00.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 04.45 – Haddal–Eiksund–Haddal

Du kan ikkje nytte Selvågvegen som gjennomkøyringsveg.

Helsehjelp - legevakt - føde

På kveld, natt og helg er legevakta for Ulstein plassert i Hovdebygda (Ørsta). Det gjeld i anleggsperioden akkurat som elles i året.

Om du har behov for å kome deg til legevakt, må du som vanleg ringe legevakta på 116 117 først. Legevakta vil vurdere kor mykje det hastar. Dersom legevakta vurderer det som naudsynt at du får køyre gjennom tunnelen utanom kolonnetidene, vil dei syte for det.

Så gjer som vanleg: Ring legevakta dersom du treng legehjelp. Ha registreringsnummer til bilen klart.

Tilsvarande gjeld for dei som skal føde på sjukehuset i Volda. Ta kontakt med føden og meld frå viss du har behov for å kome inn. Dei vil så vurdere om det er behov for å køyre utanom kolonnetidene.

 

x