SeniorSmart

SeniorSmart

Ulstein kommune inviterer alle seniorar til SeniorSmart: Lær og lev betre! 

Noreg har blitt eit digitalt samfunn, der du treng grunnleggande ferdigheiter for å henge med. Bank, helse og offentlege tenester er på nett – og det kan vere utfordrande.

Ulstein kommune ønsker at du skal ha eit godt liv som senior. Vi inviterer difor alle seniorar i Ulstein til SeniorSmart. Her kan du delta i to spennande tilbod: SeniorSurf og SeniorTimen!

Tilbodet er gratis

Første møte i haust er 16. oktober.

Trykk på boksene for å finne meir informasjon:

Haustprogram 2025

Alle samlingane er på Ulstein bibliotek, torsdagar mellom klokka 11.30–13.00.

SeniorSmart
DATO PROGRAM
16. oktober SeniorTimen: Sterk og stødig
23. oktober SeniorSurf: Lær å bruke internett
30. oktober SeniorTimen: Livsglede for seniorar
6. november SeniorSurf: Bli trygg på nett
13. november SeniorTimen: Verdien av eit måltid - også i alderdomen
20. november SeniorSurf: Praktisk mobilbruk
27. november SeniorTimen: Klikk deg klok på nettstaden vår
4. desember SeniorSurf: Sosial på skjerm
11. desember SeniorTimen: Skollebakken 1 - nye omsorgsbustadar
Tid og stad

Vi har samlingar på Ulstein bibliotek, torsdagar klokka 11.30–13.00.

Første haustsamling er 16. oktober 2025.

SeniorSurf – lær deg å meistre den digitale kvardagen

Her får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Kurset passar både for nybegynnarar og deg med litt erfaring. Undervisninga er lett og praktisk, med kjekke oppgåver om nyttige tema. Ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Om du ikkje har BankID app, bør du ta med deg kodebrikka di.

Vi har litt utstyr til utlån ved behov.

SeniorTimen – nyttig informasjon for ein god kvardag

SeniorTimen gir deg kunnskap om viktige tema som aktivitet og fellesskap, velferdsteknologi, omsorgsbustadar, helse, mat og andre aktuelle tema. Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Tilboda varierer frå kommune til kommune, og gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein

 

Kom gjerne 15 minutt før for litt kaffi og prat før vi startar.

Vi gler oss til å sjå deg!

Informasjonsfolder med haustprogrammet (til utskrift) (PDF, 2 MB)

Illustrasjon av senior som sit med mobiltelefonen. Symbol kjem ut frå mobilen - hjarte, helse etc. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kontakt

Eli Marte Dalhaug
fagansvarleg digitalisering
E-post
Mobil 48 15 82 30
Kari Marie Øvrebøe
sekretær
E-post
Mobil 90 05 07 57