Planar om ei ny turløype? Eller kanskje ein ny leikeplass? No kan du søke om tilskot

Planar om ei ny turløype? Eller kanskje ein ny leikeplass? No kan du søke om tilskot

Illustrasjonsfoto. Pixabay Det er no mogelg å søke om tilskot til trivselstiltak i krinsane. Søknadsfrist er 1. april.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Organisasjonar heimehøyrande i krinsane i Ulstein kommune, med unntak av sentrumskrinsen, kan søkje om tilskot til trivselstiltak. Med krins meiner vi i denne ordninga skulekrins.
Døme: idrettslag, grendalag og andre lag som arbeider for auka trivsel og bulyst i krinsen.

Målet med tiltaka skal vere auka trivsel og bulyst i krinsen. Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplass m.m.

Det kan også søkjast på nye tiltak og arrangement som de ønskjer å gjennomføre.
Døme: bygdekveldar, teatergruppe, lokale konsertar m.m.

Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 200.000 kr til føremålet.

Les meir om tilskotsordninga her.