No kan lag og organisasjonar søke om midlar til generelle tilskot

No kan lag og organisasjonar søke om midlar til generelle tilskot

Vi lyser ut midlar til generelle tilskot med søknadsfrist 10. november. Her finn du informasjon om kven som kan søke og korleis.

Blå sparegris - Klikk for stort bilete Pexels

 

Kven kan søke?

Lag og organisasjonar heimehøyrande i Ulstein kommune, eller som har arbeidet sitt retta mot menneske eller grupper heimehøyrande i kommunen, kan no søke om midlar til generelle tilskot.


Kva tiltak kan ein søke på?

Alle tiltak som har til formål å betre livskvaliteten til menneske i kommunen.


Kor mykje midlar er til rådvelde?

Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 50.000 kroner til føremålet, og løyver 25.000 kroner per halvår.


Samfinansiering

Det er ikkje krav om samfinansiering, men søknaden skal skildre korleis midlane er tenkt brukt i ein heilskapeleg samanheng.


Søknadsfrist

  • Søknadsfrist for tildeling 2. halvår 2026: 10. november med tildeling innan utgangen av desember. 
     

Retningslinjer og kriterier for tildeling av generelle tilskot (PDF, 506 kB)

 

Korleis søkje?

Der er ikkje eige søknadsskjema til søknad om generelt tilskot. Bruk kontaktskjemaet vårt for å sende inn søknad.
Merk søknaden "Generelle tilskot 2026".

Hugs å skrive kontonummer pengane skal overførast til, og organisasjonsnummer i søknaden.

Kontakt

Birgitte Grønmyr Vikanes
Spesialkonsulent
Telefon 46 95 06 62