No kan du tidlegrøyste

No kan du tidlegrøyste

Frå 1. juli kan du tidlegrøyste til stortings- og sametingsvalet 2025.

Birgitte med to røystesetlar og Zari med røysteurne. Røystebås med røystesetlar i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteBirgitte Vikanes og Zari Demirova er klar til å ta imot tidlegrøyster på Ulstein rådhus frå 1. juli til 8. august. Janne-Marit Myklebust

Frå 1. juli til 8. august er det mogleg å røyste til stortings- og sametingsvalet ved å nytte seg av såkalla tidlegrøysting.

Tidlegrøysting er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden (frå 11. august) eller på valdagen (8. september).

Du treng ikkje vere folkeregistrert i Ulstein for å røyste her i tidlegrøysteperioden.

Du finn oss på Ulstein rådhus, Sjøgata 63 mellom klokka 09.00–15.00. Hugs legitimasjon med bilde.

Treng du å røyste på eit anna tidspunkt kan du ringe og avtale tid: 70 01 75 00

Desse stiller liste i Møre og Romsdal

Ved stortingsvalet 2025 skal det veljast åtte mandat frå Møre og Romsdal til Stortinget.

I Møre og Romsdal er det godkjent 18 listeforslag til valet:

  • Arbeidarpartiet 
  • Fred og Rettferd 
  • Framstegspartiet 
  • Generasjonspartiet 
  • Høgre 
  • Industri- og Næringspartiet 
  • Konservativt 
  • Kristeleg Folkeparti 
  • Miljøpartiet Dei Grøne 
  • Noregsdemokratane 
  • Partiet DNI 
  • Partiet Sentrum 
  • Pensjonistpartiet
  • Rødt
  • Senterpartiet
  • SV - Sosialistisk Venstreparti 
  • Velferd og Innovasjonspartiet 
  • Venstre

Liste over alle kandidatane finn du her: 
Godkjente listeforslag – Møre og Romsdal fylkeskommune

Les meir om valet på samlesida vår:

Val 2025