Markerer frigjeringsdagen

Markerer frigjeringsdagen

Fredag 8. mai vert frigjerings- og veterandagen markert ved bysta av Ragnar Ulstein på Rådhusplassen i Ulsteinvik. Markeringa byrjar kl. 18:00. 

Ulstein Mannskor har sidan 2016 arrangert den felles 8.mai-markeringa i Ulsteinvik. Hanne Notøy

 

Sidan 2016 har Ulstein Mannskor arrangert den felles markeringa av 8. mai i Ulsteinvik. 

Mannskoret ønskjer velkomen med song og tale frå leiar Otto Johan Botnen. 

Alle ordførarane på Søre Sunnmøre vil ta del i markeringa, saman med veteranar og pårørade. 

I år er det ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal, som held tale på vegner av dei sju kommunane.

 

Kåre Oksavik vart vitne til at faren og andre i Oksavika i Sande kommune vart arresterte av okkupasjonsmakta 1. februar 1945, ein dag det vart gjennomført razzia fleire stadar på Søre Sunnmøre i jakta på motstandsfolk.

Dei arresterte vart haldt i fangenskap med fare for liva sine, heilt fram til frigjeringsdagen kom 8. mai 1945.

Oksavik deler denne historia under markeringa ved Ulstein rådhus.

 

Kaptein Ole-Jackob Arnesen held appell på vegner av Heimevernet, og russepresident ved Ulstein vidaregåande skule, Linus Kopperstad, vil stå for dei unge si røyst på frigjerings- og veterandagen.

Heimevernet og NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner) er æresvakt under markeringa.