Helga Bøe ønsker besøket velkomen i Ulstein bibliotek.
Janne-Marit Myklebust
Ulstein kommune er pilotkommune for nærtenestesenteret, som vi har lagt til innbyggartorget på Ulstein Arena. Her kan innbyggarar får råd og rettleiing om statlege og kommunale tenester.
Så godt likar Kommunal- og distriktsdepartementet løysinga i Ulstein, at denne veka kom dei på besøk saman med dei åtte andre pilotkommunane for nærtenestesenter: Tokke, Nore og Uvdal, Gamvik, Lebesby, Meløy, Værøy, Øygarden og Vanylven.
Med på laget var også det nordiske analyseselskapet Oxford research og capgemini, Skatteetaten, Statens vegvesen, Servicesenter for utanlandsk arbeidskraft (SUA) og Digidel.
Seniorrådgivar i Kommunal- og distriktsdepartementet Ole Christian Aslaksen overrekte konfekt som helsing til vertskommunen Ulstein, ved leiar for servicetorg og dokumentsenter Helga Bøe.
Janne-Marit Myklebust
– Eg var veldig spent før alle kom, men det gjekk så fint! Og så kom dei på den vakraste vårdagen. Det var utruleg kjekt å vise fram bygdebyen på sitt beste, og vise kva vi har fått til i Ulstein. Vi fekk svært mange gode tilbakemeldingar. Staden er fin, naturen er flott, og vi har eit nært, fint sentrum. Og Ulstein Arena meinte dei var heilt fantastisk! summerer leiar for servicetorg og dokumentsenter, Helga Bøe opp.
Kulturleiar Leif Ringstad viste ein imponert gjeng besøkande rundt på Ulstein Arena.
Janne-Marit Myklebust
Mange stilte opp frå kommunen. Kommunedirektør Jarl Martin Møller ønskte velkomen, ordførar Stian Skorgen Scheide presenterte Ulstein kommune med ei fin blanding om informasjon, faktaopplysningar, historie, sportsbragdar og “skrytefilm”, vi fekk fortalt om seniorsatsinga vår SeniorSmart og mykje meir.
Gamingrommet på Ulstein Arena vart sirleg dokumentert.
Janne-Marit Myklebust
Besøket varte i to dagar, med eit fyldig program der deltakarane fekk dele erfaringar og kva alle har gjort for å rigge nærtenestesentera sine best mogleg. Oxford research har besøk alle kommunane og la fram rapport som gav alle utfordringar å ta tak i. Skatteetaten og vegvesenet hadde innlegg om kva dei kan gjere for at dei kommunalt tilsette på innbyggartorget best mogleg skal kunne hjelpe innbyggarane og verte gode rettleiarar.
– Det var nyttige og gode dagar. Det er godt å møtast når vi er saman om dette prosjektet, men bur spreidd over heile landet, seier Bøe.
Innbyggartorget vårt kan du besøke på Ulstein Arena, måndagar, tysdagar og torsdagar mellom klokka 12.00–16.00.
Janne-Marit Myklebust