Kurs for pårørande til personar med demens

Kurs for pårørande til personar med demens

Våren 2025 samarbeider Hareid og Ulstein kommunar om pårørandeskule.

Pårørandeskulen er gratis og har som målsetting å  

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar
  • gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap om tilbod i kommunane for menneske med demenssjukdom og deira pårørande, og korleis dei får kontakt med hjelpeapparatet
  • tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon

På pårørandeskulen legg vi vekt på openheit i trygge omgivnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal ikkje forteljast vidare.  

Kva er pårørandeskulen?
Program
Tid og stad
Påmelding
To personar sit og held kvarandre i hendene. Utsnitt frå knea og opp til albogen. - Klikk for stort bilete Adobe Stock