– I Ulstein er det mykje nybrottsarbeid som eg ikkje har sett i andre kommunar før

– I Ulstein er det mykje nybrottsarbeid som eg ikkje har sett i andre kommunar før

Jarl Martin Møller (52) er på plass som ny kommunedirektør i Ulstein. Han vert motivert av skaparkrafta i Ulstein, og det gode samspelet mellom administrasjon og folkevalde. 

Jarl Martin Møller utanfor Ulstein rådhus. - Klikk for stort bileteJarl Martin Møller er på plass i jobben som kommunedirektør i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

I ein kommune i sommarmodus har Jarl Martin Møller fått ein relativt mjuk start som ny kommunedirektør i Ulstein. Han har nytta dei stille timane på jobb til å sette seg inn i organisasjonen.

– Det har vore ein roleg sommar så langt, men det har vore godt. Det gir meg tid til å få oversikt.

Drivkraft

Etter at kommunestyret viste Jarl Martin tillit og tilbaud han jobben som kommunedirektør den siste dagen i februar i år, har det gått i eitt. Jarl Martin har brukt mykje tid i Ulstein, samtidig som han har jobba oppseiingstida si som kommunalsjef samfunnsutvikling i Volda, ei stilling han hadde i fem år. Før det var han kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune.

– Eg har vore utruleg privilegert i kommunane eg har vore i. Administrasjon og politikarar har eit godt samspel og har løfta i lag. Drivkrafta mi er å få vere med på å skape og utvikle, og difor kunne eg ikkje gå glipp av sjansen til å kome til Ulstein. Ulstein har utruleg mykje å vise til med tanke på det politiske samspelet, der administrasjon og folkevalde har stått saman med ein framoverlent organisasjon med kultur for å jobbe fram nye prosjekt og utvikle lokalsamfunnet. Det er det som triggar meg. 

Så skadar det heller ikkje at den nye kommunedirektøren bur 100 meter frå rådhuset i Ulstein, og kjenner fleire av dei tilsette frå før.

– Eg veit kva dei står for av kvalitet. Og så er det inga ulempe at det er gåavstand til jobb. Eg trudde faktisk ikkje at eg skulle sette så stor pris på det som eg gjer, etter 27 år med pendling i bil.

Omstillingsvillige

Der idrettsutøvarar hoppar etter Wirkola, skal Jarl Martin Møller fylle tidlegare kommunedirektør Verner Larsen sine sko. Eller stol. Larsen gjekk av med pensjon 30. juni, etter 34 år i ulike stillingar i Ulstein.

– Eg har stor respekt for dei som har vore før meg og som har sett sitt preg på organisasjonen. Verner var her i mange år, og står for både historie og kontinuitet i kommunen. 

Verner ønskjer Jarl Martin velkomen. - Klikk for stort bileteAvtroppande kommunedirektør Verner Larsen gratulerer påtroppande kommunedirektør Jarl Martin Møller med jobben, 29. februar. Janne-Marit Myklebust

No skal Jarl Martin Møller finne sin eigen veg.

– Målsettinga mi framover er å besøke dei tilsette og alle tenestene vi har i Ulstein, og høyre kva dei står i. Eg ønsker å forstå utfordringane, sjå samanhengane og høyre på gode innspel på kva vi kan verte betre på. I ein kommune er alle ein del av ein heilskap. Vi skal foredle det vi er gode på, utvikle det og forsterke det, og samtidig ha endringsfart. Ting skjer heile tida, vi vert utfordra heile tida, og vi må vere omstillingsvillige for å kome oss framover.

Det trur Jarl Martin Ulstein er gode på.

– I det Ulstein eg har lært å kjenne, er her mykje nybrottsarbeid som eg ikkje har sett i andre kommunar før. Det er ein styrke. Her er mange som ønsker å prøve ut nye ting. 

Skyer i horisonten

Sunnmøringar er godt van med skyer i horisonten. Slik er det i overført meining i kommunesektoren også. Det handlar mellom anna om økonomi, men også menneskelege ressursar, eller mangel på desse, særleg innan helse og omsorg.

– Det er krevjande. Ulstein er ikkje ein rik kommune. Vi leverer utruleg gode resultat på statistikkane. Utfordringa vår er å hente ut enno meir av ein allereie svært trimma organisasjon som har god produksjon og driv effektivt. Det vert utfordrande, men er mogleg, hevdar Jarl Martin.

Men først er det altså ferie. Også for den nye kommunedirektøren.

– Eg ser fram til hausten når vi skal brette opp ermene og starte på arbeidet. Det handlar om å rettvende skuta slik at vi fossar framover. Der baug bryt båre. Eg gler meg til å møte alle og eg ønsker å lytte og få gode innspel til korleis vi skal forbetre dei gode tenestene i Ulstein. Døra mi er alltid opa for dei som vil snakke med meg.