Noverande kommunedirektør, Verner Larsen, går av med pensjon til sommaren. No er det klart at arvtakar vert Jarl Martin Møller. Eit val dei begge ser ut til å vere nøgde med.
Janne-Marit Myklebust
Vedtaket vart gjort i eit ekstraordinært kommunestyremøte på Ulstein rådhus, 29. februar.
Slik var vedtaket:
- Jarl Martin Møller får tilbod om fast stilling som kommunedirektør i Ulstein kommune frå og med 1. juni 2024
- Ordførar får mynde til å sluttforhandle arbeidsavtale.
Jarl Martin Møller.
Janne-Marit Myklebust
Tidleg i arbeid
På vegner av oss som er her i dag, og på vegner av heile Ulstein kommune: Gratulerer med ny stilling! Dette er svært, helsa Hanne Notøy (Ap) etter at vedtaket var klart.
– Du har snirkla rundt oss i mange år, og har vore tilsett i både Sande, Herøy og Volda før du no endeleg kjem til oss. Jarl Martin starta yrkeskarrieren sin som seksåring på Longva Mek. Han er oppvaksen rett ved, i Haugsbygda, og han gjekk ned dit på arbeid og jobba saman med karane – og fekk seg skuffekake på lageret til lunsj. Det seier noko om mannen Jarl Martin, som tidleg vart interessert i å jobbe og bidra, og vere ein del av arbeidslivet, helsa Notøy.
Noverande kommunedirektør, Verner Larsen, går av med pensjon til sommaren.
Jarl Martin Møller vert ønskt velkommen til Ulstein kommune av ordførar Stian Skorgen Scheide.
Janne-Marit Myklebust
Kommunestyremøtet var samla på Ulstein rådhus 29. februar.
Janne-Marit Myklebust