Generelt bålforbod frå 15. april

Generelt bålforbod frå 15. april

Vi minner om det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september. Her kan du lese meir om kva som er lov – og kva du må unngå.

Siluetten av ein person som sit framfor eit bål ute på ei vidde/fjell - Klikk for stort bilete Pixabay.com

I periodar med tørt vêr er det generell fare for gras-, lyng- og skogbrannar. Våren er ”høgsesong” i så måte, og på Hareidlandet er det nesten årleg utmarksbrannar. 

I Noreg er det generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod mot å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark (utmark er det meste av innsjøar og vatn, strender, myr, skog og fjell i Noreg).


Generelt bålforbod

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere dersom det ligg snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Du kan grille i din eigen hage sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark og er ikkje omfatta av forbodet.

Gode tips om trygg bålbrenning finn du her.


Totalt bålforbod

Dersom skogbrannfaren er høg kan brannvesenet lokalt legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. I praksis betyr eit slikt totalforbod at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, utmark eller på stranda. Grilling i eigen hage er som regel tillatt, så lenge du passar godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totalforbod.


Jonsokbål (sankthansbål)

Jonsokaftan, etter klokka 12, kan du tenne bål på stader med lite fare for brannspreiing, dersom det ikkje plagar eller uroar naboane. Du må ha løyve frå grunneigar, og jonsokbål skal meldast inn til Hareid og Ulstein brannvesen gjennom dette skjemaet: bålbrenning - søknad om løyve. Frist for innmelding av jonsokbål er 20. juni.

Det er ikkje nødvendig å melde inn open brenning på grillar, utepeisar og kaffibål.  

 

Lokal forskrift

UIstein kommune har lokal forskrift som definerer kva du kan brenne, og kvar det ikkje er lov å brenne bål. Føremålet med forskrifta er å hindre forureining og helseproblem,  og redusere brannfaren i kommunen som følge av open brenning og brenning av avfall i småomnar.
Her kan du lese Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Ulstein.

Kontakt

Live Gandborg
branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen
E-post
Mobil 48 20 34 94