Flaggar ved offentlege bygg

Flaggar ved offentlege bygg

Ulstein kommune sørger etter H.M. Kong Harald V sin bortgang, og vil syne sin respekt ved å flagge fram til gravferda er gjennomført.

Det er nasjonal sørgeperiode frå fredag 28. august fram til H.M. Kong Harald V si gravferd. Ulstein kommune

 

Hans Majestet Kong Harald V gjekk bort fredag 28. august 2026.

I Ulstein kommune vil flagga vere på halv stang fram til gravferda er gjennomført.

Ved rådhuset, Ulstein arena og Alvehaugen vil det vere flagging alle dagar, også helg, frå 08.00 til 21.00.

På vekedagar vert det flagga ved alle skulane i Ulstein kommune, også ved tidlegare Ulstein skule.

Her vil flagga vaie for kongen mellom kl. 08.00 og 16.00.

Flaggreglement for Ulstein kommune