Digital inkludering av eldre i Ulstein kommune

Digital inkludering av eldre i Ulstein kommune

Ulstein kommune deltek i den nasjonale satsinga Digital inkludering av eldre, som skal hjelpe fleire eldre med å bli trygge på digitale verktøy og tenester. Tilbodet er for alle som er 65 år eller eldre, og du treng ingen forkunnskapar for å vere med.

Svein Eiksund er ein av deltakarane i Digital opplæring heime. Senteret for et aldersvennlig Norge

Ulstein kommune deltek i den nasjonale satsinga Digital inkludering av eldre, som skal hjelpe fleire eldre med å bli trygge på digitale verktøy og tenester. Tilbodet er for alle som er 65 år eller eldre, og du treng ingen forkunnskapar for å vere med.

Målet er å gjere det enklare å meistre den digitale kvardagen, i eit trygt og inkluderande miljø der læring skjer i ditt tempo.

SeniorSurf og SeniorTimen

Kvar torsdag kl. 12.00-14.00 på Ulstein bibliotek.

SeniorSurf er eit datakurs for nybegynnarar, der du kan lære grunnleggjande digitale ferdigheiter. 

SeniorTimen består av foredrag og interessante tema som er relevante for seniorar.

Du finn informasjon om komande tema og program her: 

Haustprogram 2026 (PDF, 85 kB)

 

Digital opplæring i heimen

Ønskjer du hjelp heime? Då kan vi kome til deg og gi digital opplæring i ditt eige heimemiljø. Opplæringa blir tilpassa dine behov og skjer i ditt tempo.

Les meir og meld di interesse her:

Bestill opplæring heime

 

Lån av nettbrett

På biblioteket kan du låne nettbrett på same måte som du låner bøker. Dette er ei flott moglegheit til å prøve ut eit nettbrett og bli kjend med korleis det fungerer.

Velkomen innom biblioteket for meir informasjon.

 

SeniorDrop-In

Treng du hjelp med eit digitalt spørsmål? Då kan du besøke SeniorDrop-In på biblioteket:

  • Tysdagar kl. 12.00-14.00
  • Torsdagar kl. 12.00-15.00

 

Her sit det ein hjelpar klar til å svare på spørsmål og gi rettleiing om digitale løysingar. Du finn oss ved den tydelege Digital-plakaten på biblioteket.

Merk: Vi kan ikkje hjelpe med kjøp av tenester eller ta avgjerder på dine vegner.

Velkomen til eit inkluderande fellesskap der du kan utforske og lære meir om den digitale verda!

Kontakt

Eli-Marte Fjørtoft
Prosjektkoordinator