Deltakarane fekk ei grundig innføring i Candy Crush
Ulstein kommune
Det var mykje folk rundt borda når SeniorSmart hadde sitt siste kurs for sesongen i biblioteket i Ulstein Arena.
Bak f.v.: Marie Elise Knotten, Steffen Hide, Daniel Vonheim. Framme f.v.: Per Nikolai Skar, Kyrylo Shapoval og lærar Sveinar Kleive
Ulstein kommune
Elevar frå VG2 informasjonsteknologi ved Ulstein vidaregåande skule var vertskap for temaet «kvardagsnytte og underhaldning», og elevane hadde innlegg om «kvardagsappar» på mobilen som bildegalleri, Vipps, spelet Candy Crush, talestyring av mobilen og bruk av Fram-appen til bestilling av bussbillett.
Brukarstøtte er ein del av læreplanen til VGS-elevane, og dette var ein fin arena å sette teorien ut i praksis.
- Veldig nyttig
Mildrid Aschehoug og Torill Holm får hjelp til å finne fram i appane på mobilen.
Ulstein kommune
Torill Holm og Mildrid Aschehoug var to av deltakarane denne dagen, og begge er samde i at kursa har vore nyttige for dei.
– Eg har vore med sidan starten og hatt veldig godt utbytte av dette. Eg var i utgangspunktet ikkje så interessert i data, men eg har lært ein heil del her, seier Mildrid.
– Veldig mykje er digitalisert no, og då må vi kunne det. Det innser vi. Elles ramlar vi av, seier Torill og Mildrid, og legg til at den sosiale fellesskapen under kursa er ein ekstra bonus.
– Det er kjekt å treffast. Vi kan vise kva vi har lært og hjelpe kvarandre.
Lyst å bli meir digital?
SeniorSmart er eit tilbod frå Ulstein kommune til alle seniorar, og har to delar; dei digitale kursa SeniorSurf, og temamøta i SeniorTimen.
SeniorSmart er eit tilbod for dei som gjene vil lære meir om nettbrett, PC og mobil for å gjere kvardagen litt enklare.
Ulstein kommune
I SeniorTimen snakkar ein om tema kring det å vere senior i Ulstein. Denne våren har det m.a. vore tema som søvn og uro med kommunepsykolog Thomas Brandal Myklebust, korleis ein kan planlegge og legge bustaden sin til rette for å bu lengst mogleg heime, om kva tenester som no er samla ved biblioteket i Ulstein Arena og om senteret for eit aldersvenleg Noreg.
I SeniorSurf har det vore fokus på meistring i ein meir digital kvardag, med opplæring i bruk av nettbrett, PC og mobil. Du kan få hjelp til å finne fram på nettet, digitale helsetenester og appar, kvardagsnytte og underhaldning, og bli tryggare på nettet.
Begge tilboda er gratis og blir arrangert på biblioteket. Ein treng ikkje påmelding for å vere med. Berre møt opp!
Nye og spanande tilbod når vi startar opp igjen til hausten
- Hit er alle velkomne uansett. Du treng ikkje kunne noko frå før. Kursa passar både for nybegynnarar og for dei med litt erfaring. Det er ein stad å møtast, og undervisninga er lett og praktisk med kjekke oppgåver om nyttige tema, seier Eli Marte Dalhaug og Eli-Marte Fjørtoft, som står bak kursa i Ulstein.
SeniorSmart startar opp igjen til hausten, med nye og spanande tilbod.
Informasjon om tilboda kjem i god tid før sesongstart.
Eli-Marte Fjørtoft og Eli Marte Dalhaug står bak SeniorSmart i Ulstein kommune
Ulstein kommune