Psykologtimen Onsdag 7.september klokka 20.00

Psykologtimen Onsdag 7.september klokka 20.00

Bernt Marius Rørstad frå Volda, går ut av døra heime og ropar hadè til foreldra. Målet for dagen er å hoppe frå Hoven i Loen saman med kompisane i ekstremsportmiljøet. Frå 1011 meter skal dei speedride utfor fjellet, suse ned langs fjellsida med berre ein styrbar skjerm festa til kroppen. Dei jaktar etter fridom og adrenalinrush.

Det vart fleire fantastiske hopp på Bernt Marius denne dagen, men det siste endra livet hans totalt. 

Han fekk eit par sekund med ekstrem følelse av fridom, før den raskt vart snudd til smerte og redsel. Plutseleg turbulent luft førte til at skjermen hans kollapsa og Bernt Marius styrta rett i bakken. Med beina først.

Det bar rett til Haukeland Sjukehus i Bergen for eit lengre sjukehusopphald med opptrening. Den eine foten vart så hardt skadd at legane ikkje klarte å redde den. Bernt Marius måtte amputere.

 Kom og høyr Bernt Marius fortelje si historie på Psykologtimen. Om korleis han sette seg nye mål, og korleis han har motivert seg til å klare å oppnå desse. Ei unik historie det er verdt å få med seg.

Fann du det du leita etter?