Skam, kvardagsslit og ulukker er mellom emna som vil verte tekne opp når Ulstein Bibliotek inviterer til bokprat med Ottar Kaldhol og Ivar Mork. Dette skjer på biblioteket torsdag 8. juni, under Smak av Ulstein. Begge har vore aktive i politikk og samfunnsliv og begge har gitt ut bøker. Ottar vil snakke om boka “Det er flest kvardagar, som i stor grad tek for seg oppvekst og opplevingar, medan Ivar tek utgangspunkt i romanserien “Desse mine minste…” der handlinga er lagt til ei fjordbygd på Nordvestlandet.
Dei to forfattarane meiner sjølve at dei har litt lik bakgrunn, og gjennom bøkene sine ønskjer dei å fortelje om menneske som har hatt det krevjande, om korleis dei streva og kva dei opplevde. Dei skriv mellom anna om sorg, ulukker, småbarnsdød, skambelagte ting som det å få ein lausunge. Desse opplevingane og personane fortener å verte tatt fram og skrive om, meiner forfattarane.
Medan Ottar skriv om faktiske personar som han gir tankar og ord i boka, utan å utlevere dei, er Ivar sine karakterar fiktive, men tufta på menneske han kanskje har møtt. Han dristar seg også til å skildre kvinner i boka si.
- Nokre syns kanskje det er dristig, men eg prøver å få det så nært inn til virkelegheita som eg kan, i mi beundring for kvinna si rolle i samfunnet, seier Ivar.
Forfattarane ynskjer at bokpraten også skal vere ein dialog med publikum, så det vert mogeleg å kome med innspel, spørsmål undervegs.