Fullt på psykologtimen

Mange har sakna Psykologtimen med Tomas Brandal Myklebust.

Onsdag 8. september klokka 19 er psykologtimen attende; denne gongen om uro.

NB: Fullt!

Psykologtimen - Klikk for stort biletePsykologtimen 

Uro er ein av våre mest grunnleggande følelsar. Uro kan vere ei kjelde til kraft og styrke, men den kan også lamme oss fullstendig. Då kallast det angst. I Psykologtimen onsdag 8. september kan du få meir kunnskap om angst og uro.

Psykologtimen er for alle

Psykologtimen er ein serie opne arrangement for alle som er interesserte i si eiga og andre si helse. Ein gong i månaden inviterer kommunepsykologen i Ulstein til foredrag og samtalar om psykisk helse og hjernehelse.

Tid og stad

Onsdag 8. september kl. 19.00

Ulstein bibliotek på Ulstein Arena