Vil du vere med som frivillig?

Vil du vere med som frivillig?

Informasjon til frivillige om pilotprosjektet for fleire digitale eldre 

Har du lyst å engasjere deg som frivillig i ei nasjonal satsing for å styrkje eldre si meistring av ein digital kvardag? 

Det er hovudsakleg behov for frivillige som, saman med tilsette i kommunen, deltek på besøk hjå eldre i deira eigen heim, som ein besøksvenn. Det kan og være aktuelt med bidrag på sosiale møteplassar som SeniorSmart, for eldre som vil lære saman med andre.  

Som frivillig bidreg du først og fremst med å skape sosialt fellesskap – som ein trygg og tilgjengeleg samtalepart eller besøksvenn i forbindelse med opplæringa. 

Du skal ikkje ha ansvar for sjølve opplæringa i digitale løysingar. Det faglege ansvaret ligg hos dei kommunalt tilsette. Som frivillig kan du til dømes: 

bidra til ein god samtale og trygg stemning 

være med å motivere og støtte den eldre 

dele informasjon om sosiale aktivitetar, tilbod og møteplassar for eldre i kommunen 

Kven kan vere frivillig? 

Du treng ikkje å vere ein digital ekspert. Det viktigaste er at du er tolmodig, imøtekomande og har lyst til å bidra til å motvirke utanforskap for eldre i ditt lokalsamfunn. 

Tryggleik og rammer 

For å sikre ein trygg og ryddig frivillig innsats gjeld følgjande: 

Innsatsen skjer innanfor tydelege rammer for frivillig arbeid 

Du vil få enkel opplæring, der vi går gjennom rutinar og retningslinjer for heimebesøk 

Du må skrive under på ei erklæring om teieplikt, då du kan få kjennskap til personlege forhold 

Du står aldri åleine i rolla – innsatsen skjer i samarbeid med kommunen. 

Kvifor bli med? 

Som frivillig er du med på å prøve ut ei satsing som kan kome mange eldre til gode i framtida. Du bidreg til fellesskap, inkludering og meistring – og gjer ein konkret skilnad for enkeltmenneske i nærmiljøet ditt. Prøveprosjektet skal etter planen ha oppstart i veke 35 og vare ut 2026. 
Her kan du lese meir: Testar nasjonal satsing for å få fleire digitale eldre - Aldersvennlig 

Har du spørsmål eller ønskjer å vite meir, ta gjerne kontakt med oss som koordinerer pilotprosjektet lokalt. 

Kontakt

Eli Marte Dalhaug
fagansvarleg digitalisering