Synest du mobilen, nettbrettet eller datamaskina kan vere vanskeleg å bruke? Ønskjer du å bli tryggare på digitale tenester i kvardagen?
Ulstein kommune tilbyr gratis digital opplæring heime for seniorar som ønskjer individuell hjelp og rettleiing i eigen heim. Tilbodet er ein del av SeniorSmart.
Vi kjem heim til deg og tek utgangspunkt i det du ønskjer å lære. Opplæringa skjer i ditt tempo og på dine premissar.
Dette kan du få hjelp til
Du kan til dømes få hjelp til å:
- bruke mobiltelefon, nettbrett eller PC
- sende og lese e-post
- bruke appar og digitale tenester
- finne informasjon på internett
- bruke offentlege tenester
- bli tryggare på digital sikkerheit og svindel
Dette kan vi ikkje hjelpe med
For å ta vare på tryggleik og personvern kan vi ikkje:
- bruke BankID for deg
- handtere passord eller PIN-kodar
- utføre betalingar eller nettbanktenester
- reparere utstyr
- gi helsefaglege, juridiske eller økonomiske råd
Kven passar tilbodet for?
Tilbodet passar for deg som:
- ønskjer hjelp til digitale oppgåver i kvardagen
- synest det er lettare å lære heime enn i gruppe
- har behov for roleg og tilpassa rettleiing
Praktisk informasjon
Tilbodet er gratis
Vi startar opp i veke 35 og gjennomfører eit avgrensa pilotprosjekt i første omgang.
Meld interesse
Ønskjer du digital opplæring heime?
Du kan:
- fylle ut skjemaet under
- ringe oss på 70 01 75 00
- sende e-post til innbyggartorg@ulstein.kommune.no
- eller få hjelp til påmelding i skranken på innbyggartorget i Ulstein bibliotek
Bestill opplæring heime