Innkreving av skatt1. november 2020 tok Skatteetaten over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen hadde tidlegare. Det betyr at det ikkje lenger er skatteoppkrevjar (kemnar) i kommunen.Skatteetaten har eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er blant anna innkrevjing av restskatt, utbetaling av skatt til gode, arbeid med tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning, utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift. Skatteetaten i UlsteinvikSkatteetaten har kontor på Stålhaugen i Ulsteinvik. Hugs at du må bestille time først.Adressa er Stålhaugen 11, 6065 Ulsteinvik. Treng du KID-nummer?På nettstaden til Skatteetaten kan du hente KID-nummer. Treng du skatteattest (for momsattest)?Bestill attest for skatt og meirverdiavgift frå Skatteetaten. KontaktinformasjonHer finn du kontaktinfo. Publisert 21.09.2018 13:28 Sist endra 09.09.2025 15:05