Internkontroll for stadar som sel tobakk
Alle salsstadar for tobakk skal ha eit internkontrollsystem. Internkontrollen inneber at dei ansvarlege på salsstaden skal:
- ha oversikt over lovverket
- gi dei tilsette opplæring i regelverket og salsstaden sine eigne rutinar
- ha oversikt over korleis oppgåver og ansvar er fordelt
- kartlegge utfordringar
- ha rutinar for å sikre at regelverket vert overhalde
- ha rutinar for å førebygge, avdekke og rette opp avvik
- gjennomgå internkontrollen regelmessig
Her er mal du kan bruke for internkontoll(ODT, 14 kB). (Fil henta frå Oslo kommune].